Goldman Sachs varslar 24 prosent fall i USAs BNP neste kvartal


Goldman Sachs, ein av verdas største globale investeringsbankar og meglarhus, har spådd eit dramatisk fall på 24 % i USAs bruttonasjonalprodukt neste kvartal.

Årsaka er nedstenging og strenge tiltak som gjer at bedrifter og skular må halda folk heime og frå kvarande i forsøk på å bremse spreiinga av koronaviruset. Det var Steigan som omtala saka først.

Avisa skriv at prognosa viser eit fall i USAs bruttonasjonalprodukt på 24 % med henvisning til forventa nedgang i produksjonsaktivitet og forbruk av tenester. Fallet blir det største i historien, då den største kvartalsvise nedgangen var på 10 % i 1958, også kjent som Eisenhower resesjonen.

Økonomane spår størst nedgang i områder som krev «ansikt til ansikt»-interaksjon, og forventar ein nedgang på 85 % i sport og underhaldning, 75 % nedgang i transport, og 65 % nedgang i hotell- og restaurantbransjen.

NASDAQ-indeksen har falt med 23 %.

Wall Street-indeksane går i golvet i førhandelen

E24 har ofte meldt om mellombels stopp i handel, og det var ikkje unntak søndag kveld, då terminkontrakthandelen indikerte ein opning som var svakare enn fem prosent. Dette førte til ny stopp i handlen som følgje «limit down»-grensene.

Les også: Sjefsøkonom etter at USA kutta rentene til null prosent: – Dette er dagen då renter døydde

Borgarmestar i hardt råka New York, Bill de Blasio, seier søndag kveld at dei er tomme for medisinsk utstyr innan 10 dagar, om utbrotet held seg på same nivå.

de Blasio trur april vil verte mykje verre enn mars når det kjem til utbrotet av koronavirus i New York, og han ønskjer at militært vert mobilisert i kampen mot viruset.

På pressekonferansen med NBC var han svært pessimistisk:

– Dette blir kun verre, sa han, og la til at «New Yorkere og amerikanarar fortjenar sanninga»: at sjukehus snart går tomme for medisinsk utstyr som er nødvendig for å halde systemet gåande.

Søndag kveld hadde New York 15 790 tilfeller av koronavirus, og 5418 nye på berre ein dag – som er mykje større enn i Kina. USA får kritikk for å ha spelt vekk dyrbar tid, og får no store problem med å kontrollere utbrotet.

Oljekrisa blir verre i april

Produsentane av olje er på veg mot den verste krisa i historien. Saudi-Arabia driv oljepriskrig og har stor overproduksjon. Det som vert produsert i dag tek veker eller månader før det kjem fram til lager.

På den andre sida har verdsøkonomien byrja sakke ned. Fleire økonomar meiner at den globale økonomien allereie no er i resesjon.

Les også: Oljepriskrigen kan øydelegge USAs oljeskiferindustri

I april vil ein sjå det største forsyningsoverhenget i oljemarknaden nokon gang.

Den amerikanske regjeringa planlegg kjøp av 77 millionar fat for å fylle sine reservelager, men dei kan fyllast med berre 2 millionar fat dagleg, noko som etterlet store volum som må lagrast andre stadar.

Analytikarar i Eurasia Group meiner at fallet i etterspurnaden kan verta så mykje som 25 milionar fat per dag dei neste vekene og månadene. Dette kan bety at verda går tom for lagringsplass for olje. Giovanni Serio i Vitol meiner ein på eit eller anna tidspunkt «må fylla alle båtane».

Les også: Oljepriskrigen: Køyrer mot kvarandre og håpar den andre styrer unna

Den norske firmaet Rystad Energy meiner at nedturen kan føra til over 200 konkursar i den europeiske oljesektoren, eller så mange som 20 % av alle føretaka. Kor mange av desse som kan vera norske seier dei ingenting om.

Brent-oljeprisane har allereie stupt til det lågaste nivået på 18 år. Konsekvensane for den amerikanske oljeindustrien når koronavirus-resesjonen driv ned etterspurnaden vil vera katastrofal.