OPEC-kartellet ville ha Russland med på kutt i oljeproduksjonen for å halda prisane oppe, men fekk nei. Tvert om vil det russiske oljeselskapet Rosneft auke produksjonen frå april.

Les også: Oljepriskrigen: Køyrer mot kvarandre og håpar den andre styrer unna 

Då Russland sa nei raste oljeprisane med over 25 % på ein dag. Det største prisfallet sidan 1991. Seinare har det utvikla seg kaos i marknaden, og den amerikanske Dow Jones-indeksen stengte handelen.

Les også: Kristalina Georgieva samanliknar dagens økonomi med dei glade 20-åra

SEBs oljeanalytikar Bjarne Schieldrop sa til E24 at viss det ikkje vert nokon avtale, og ein køyrer på vidare i april, kan vi sjå eit nærast ubegrensa fall i oljeprisen.

Fremst i skotlinja

Den danske journalisten Peter Simonsen skriv for Finans at Russland kan ha utløyst ein oljepriskrig, der USAs olje- og skiferindustri blir taparen.

I følgje Financial Times har USA tjent godt på OPEC-kartellet som held oljeprisen kunstig høg. For USA er det nødvendig med høg oljepris for at oljeskifer skal vera lønsamt.

Break-even for oljeskiferindustrien i USA er mellom 48 og 54 dollar fatet. No er prisen under 35 dollar, og Russland har sagt dei greier seg med ein pris på 25 dollar i minst ti år.

Det betyr at USAs oljeskiferindustri står fremst i skotlinja. Prisane er så låge at industrien ikkje får dekt kostnadane ved å utvinna oljen, og taper pengar for kvart fat dei produserer.

Bloomberg-kommentator Leonid Bershidskiy: – Slo til på det verste tidspunktet

På 1980 hadde Sovjetunionen utvikla seg til å bli ein av dei største produsentane av olje. USA pressa Saudi-Arabia til å overprodusere olje, og driva prisane i botnen. Dette prisraset var ein av årsakene som førte til økonomisk kollaps.

Les også: Orlov: – Amerikanske haldningar mot Russland vert irrelevante

Fleire kommentatorar meiner at dette er grunnen til at Russland no aukar produksjonen – rett og slett for å gi USA ein takk for sist.

Bloomberg-kommentator Leonid Bershidskiy har sutra mykje på Twitter etter prisfallet og hevdar at Putin har «planlagt og førebudd dette» og «slo til på det verste tidspunktet».

Direktør for Schroders kapitalforvaltning i New York har tidlegare sagt til Forbes at:

– Dei [Russland, red. anm.] kan betala all statsgjeld med reserver i sentralbanken, og i tillegg kan dei kutte styringsrenta. Russisk rubel har blitt svært stabil, og dei har økonomisk handlingsrom.

USAs statsgjeld har derimot passert 23 000 milliardar dollar – over 210 000 milliardar norske kroner.


Del artiklane våre med venene dine på sosiale medier.


Del artiklane våre med venene dine på sosiale medier.


Del artiklane våre med venene dine på sosiale medier.


Del artiklane våre med venene dine på sosiale medier.