Sjefsøkonom etter at USA kutta rentene til null prosent: – Dette er dagen då renter døydde


Sentralbankar verda over har siste veka kutta styringsrentene i håp om at det skal hjelpe på økonomien. Også Norges Bank hadde eit rentekutt, men no kan du vente nullrenter også i Noreg, skal vi tru sjeføkonom i Eika, Jan Ludvig Andreassen.

– Dette var dagen då renter døydde, skreiv Andreassen på Twitter.

Samtidig pumpar den amerikanske sentralbanken inn 700 milliardar dollar [over 7200 milliardar kroner] i forsøk på å stimulere økonomien. Truleg får det liten effekt.

Prisane i oljemarknaden hadde sitt største fall sidan 1991 måndag førre veke. Prisraset oppstod etter at OPEC-kartellet ikkje kom til avtale med Russland. Sidan då har Saudi-Arabia auka produksjonen, og det same vil Russland frå april.

Andreassen trur at kuttet til USA får følgjer for Noreg. Førre veke kutta Norges Bank styringsrenta frå 1,5 % til 1 %. Til E24 seier Andreassen at han trur sentralbanken vil kutte ein kvarting her og ein kvarting der, til vi er i null.

Han trur også det er ein ny æra for norsk økonomi der oljealderen er over, samtidig som folk sparar mykje. Dette vil føra til ein vekstpause, i følgje han.

Heile eurosona har ei styringsrente på 0 % og nokre land har negativ styringsrente. Desse er Sverige (-0,25 %), Sveits (-0,75 %) og Danmark (-0,75 %). Utanfor Europa er det Japan som har negative renter på 0,10 % – og dei planlegg eit krisemøte i natt der renta truleg vert kutta meir.

I ein kommentar til sentralbanksjefen skreiv Andreassen at han ikkje kan forstå at dagens restriksjoner på folks bevegelsar kan lettast stort på før sommaren.

– I så fall vert BNP-veksten [verdien av alt som vert produsert, red. anm.] i år både minus fire og fem prosent uansett kva Norges Bank måtte gjere med renta, skreiv Andreassen.

Det strukturelle, oljekorrigerte underskotet, som gjerne vert omtalt som bruken av oljeinntekter i statsbudsjetter var beregna til 244 milliardar kroner i 2020, før utbrotet av koronavirus. Kva dette vil ende på med nedgang i BNP og krisepakkar er umulig å spå, men oljepengane forsvinn.


Privacy Overview

This website uses cookies so that we can provide you with the best user experience possible. Cookie information is stored in your browser and performs functions such as recognising you when you return to our website and helping our team to understand which sections of the website you find most interesting and useful.