Oljepriskrigen: Køyrer mot kvarandre og håpar den andre styrer unna

Prisane i oljemarknaden hadde sitt største fall sidan 1991 måndag. Prisraset oppstod etter at OPEC-kartellet ikkje kom til avtale med Russland. Sidan då har Saudi-Arabia auka produksjonen, og det same vil Russland frå april.

Les også: Oljepriskrigen kan øydelegge USAs oljeskiferindustri

Sjølv om både Russland og Saudi-Arabia er avhengige av olje i økonomien, har Moskva mykje større handlingsrom på grunn av store gullreservar og budsjettendringar dei siste åra. Desse tiltaka har gjort dei mindre sårbare mot fall i energiprisar.

På den andre sida har Saudi-Arabia budsjettunderskot på 50 milliardar dollar [508 milliardar norske kroner, red. anm.] og har begrensa med reservar i utlandet. Saudi-Arabia har gått med budsjettunderskot kvart år dei siste åra på grunn av låge oljeprisar – og ikkje minst priskrig mot USAs oljeskiferindustri.

Mange år med oljepriskrig

Saudi-Arabia har dreve oljepriskrig i mange år, og byrja første gang på 1980-talet då prisen fall frå tretti til under ti dollar fatet. Saudi-Arabia opna kranane for full guffe for å råke andre produsentland hardt, mellom anna Sovjetunionen, og samtidig gjorde det mindre attraktivt å investere i olje andre stadar.

Strategien for dette er at det på litt lengre sikt vert for lite olje i marknaden, og prisane går opp.

Både Russland og Saudi-Arabia kan handtere låge oljeprisar ei tid. Ekspertar meiner Saudi-Arabia kan halde på eit år eller to. Det russiske finansdepartementet har sagt dei kan tole ein oljepris på tjuefem dollar i ti år.

Framveksten av Kina bidrog til ein ny gullalder for dei store produsentlanda. Særleg etter tidlegare priskrigar.

Oljeskifer har derimot blitt sett på som ein gamechanger for heile industrien, og er rekna for den største overraskinga i oljehistorien. I løpet av få år har USA greidd å produsere 11 millionar fat olje per dag, og blitt større produsent enn Saudi-Arabia.

Grafen har tidlegare skreve at break-even for oljeskiferindustrien i USA er mellom 48 og 54 dollar fatet. No er prisen under 35 dollar.

Fleire analytikarar meiner at også Saudi-Arabia no taper store pengar i statsbudsjettet:

– Ein pris på 40 dollar fatet betyr at Saudia-Arabia brenner av 120 milliardar dollar årleg. Eg trur dei spelar eit kyllingspel mellom seg sjølv og resten av oljemarknaden, sa Andrew Lipow i Oil Associates til RT tysdag.

Analytikar Kristian Tunaal i DNB Markets var inne på det same i ein kommentar til Dine Penger i 2016:

– OPEC-landa og skiferoljeprodusentane gassar mot kvarandre i håp om at den andre svingar av vegen, skreiv han då.

Tunaal meiner at produsentane sin oppførsel best kan beskrivast som spelteorien Chicken. «Begge køyrer mot kvarandre medan dei håpar at den andre styrer unna. Dersom ingen gjer det, vert resultatet katastrofalt for begge».

Risikoanalytikar ved NXTanalytic, Alessandro Bruno, sa til RT tysdag at Russland truleg vil halde ut mykje lenger enn Saudi Arabia:

– Det er forbløffande kva kronprinsen [Mohammed bin Salman, red. anm.] bestemte. For ved å senke prisane for olje, senkar han også Saudi-Arabias budsjettmuligheiter.

Små produsentar som berre har fokus på oljeskiferindustri er fortapt, og det same er alle pengane som er investert i industrien. Det meiner analytikar Sergey Kopylov i BSC.

Kopylov trur at store produsenter som Exxon Mobil og Chevron vil halde fram og subsidiere oljeskiferfelt ei tid, men selskap som berre satsar på oljeskiferindustri vil forsvinne. På sikt kan dette gi meir stabilitet i marknaden, men det vil ta fleire år.


Del artiklane våre med venene dine på sosiale medier.


Del artiklane våre med venene dine på sosiale medier.


Del artiklane våre med venene dine på sosiale medier.


Del artiklane våre med venene dine på sosiale medier.