Sogn Barnevern-papira


Grafen har søkt innsyn i alle dokument i Sogn Barnevern-saka, og offentleggjerer desse. Ein god del dokument er unnateke offentlegheit, medan andre er «sladda». Dokumenta Grafen har fått syner omfattande konfliktar og gjennomgåande svikt i Sogn Barnevern. Fleire tilsette er sjukemelde på grunn av dårleg arbeidsmiljø. Nokre er fysisk sjuke som følgje dette.

Av opplysningar går det fram at tilsette vert utsett for trakassering eller annan utilbørleg oppførsel av leiinga. Vidare kan nemnast:

  • lite tid til opplæring av nytilsette
  • fleire etterlyser mangel på rettleiing i samband med saker
  • fleire gjev uttrykk for å sitte mykje åleine med tunge saker
  • nokre har opplevd avvising frå leiinga etter å ha spurt om hjelp

Langvarig innsynskamp

Innsyn i dokument vart først avslått av Marit Hagevik.

Hagevik, som for tida er «kommunalsjef», har til fast regel å ikkje følgje offentleglova. Alle gangene Grafen har begjært innsyn har det komme eit tøvete avslag. Heretter må ein starta ein langvarig innsynskamp, som går fram og attende Fylkesmannen.

Grafen gjekk bakvegen får å få ut dokument, ved å begjæra dei frå Arbeidstilsynet medan kommunen hadde sett i gang trenering hjå Fylkesmannen. Slik kunne vi få fortgang i prosessen.

Redaktør utsett for polititrakassering

Siste veka i april 2016 vart redaktør av Grafen trakassert av Sondre Teigen Lillebostad ved Sogndal politistasjon. Dette etter at Marit Hagevik hadde ringt der eller på annan måte nytta nettverket sitt. Lillebostad var trugande i oppførsel og la seg opp i innsynsbegjæringar med spørsmål om «kvifor ein ber om innsyn» i dokumenta, «kva dei skal brukast til», og «kvifor ein er interessert i Sogn barnevern».

Grafen oppfattar dette som ei ulovleg handling: politiet har ingenting med innsynsbegjæringar og innsynskrav å gjera. Dette er regulert etter EØS-retten og omfatta av direktiv som Noreg er pålagt å følgja. Handlemåten til Lillebostad viser ei form for organisert korrupsjon og forsøk på å truge journalistar for å hindre at kritikkverdig informasjon kjem fram.

Grafen etterlyser handling frå nasjonale myndigheiter for å hindre at slikt skjer igjen.

Dokument i saka

Grafen har fått tilgang på dokument frå både Fylkesmannen og Arbeidstilsynet. Fylkesmannen i Sogn og Fjordane har sendt ein variant (23,2 MB), medan Arbeidstilsynet sendte ein anna. Som det går fram av dokumenta har Fylkesmannen og Arbeidstilsynet sladda ulikt.

Arbeidstilsynet sine dokument: