Steckmest: Telenor la hindringar i vegen for utbygging av eit tredje mobilnett i Noreg


Forbrukarorganisasjonar og politikarar etterlyser handling frå styresmaktene for å få til reell konkurranse i mobilmarknaden. Så langt er det ingenting som tydar på at Telenor har planar om å leggje til rette for det.

Grafen har skreve om korleis du blir mobil-flådd av telegiganten Telenor og korleis dårleg konkurranse i mobilmarknaden gjer at du berre får små og dyre datapakkar.

Les også: Mobil-flådd: Britiske Three tilbyr billigare datapakke enn Telenor

Avdelingsdirektør Elisabeth Steckmest i Konkurransetilsynet seier til Grafen at tilsynet lenge har vore opptekne av manglande konkurranse i den norske mobilmarknaden.

– I 2018 ila Konkurransetilsynet Telenor eit gebyr på 788 millionar kroner for å ha misbrukt sin dominerande stilling.

Steckmest seier at i vedtaket konkluderte tilsynet med at Telenor la hindringar i vegen for utbygging av eit tredje mobilnett i Noreg.

– Noreg er eit av svært få land i Europa med berre to mobiloperatørar som har eigne landsdekkande mobilnett, med Telenor som den dominerande aktøren.

Etablering av eit tredje mobilnett har difor vore sentralt for å oppnå auka konkurranse i mobilmarknaden. Steckmest trur at auka konkurranse mellom operatørar vil kunne gje lågare prisar ut til sluttkundane.

Kommunikasjonssjef i Telenor, David Fidjeland, har ikkje svart Grafen på spørsmål i denne saka.

Kommentar

Grafen meiner at eit gebyr på 788 millionar kroner er småpengar å rekne for ein telegigant. Telenor må ileggast gebyr på mellom fem og ti milliardar kroner for å motivere til reell konkurranse i mobilmarknaden.

Målet må vere at operatørane i Noreg tilbyr, som i  Finland, ubegrensa data for under 250 kroner per månad.

Les også: Pompeo samanliknar Huaweis 5G med «sovjetisk teknologi», men i Noreg er naudnettet hans omtala som den største IT-skandalen

Framtidas mobilmarknad handlar kun om å konkurrere på fart. Kor mange SMS eller taletid ein får er fullstendig urelevant. Det var relevant på 2000-talet. I dag er det ingen som bryr seg.

Operatørane vil kunne byggje billige og superraske nett med teknologi frå leiande teknologiselskap som Huawei. Norske styresmakter må kople frå respiratoren til Telenor og invitere utanlandske operatørar, også kinesiske, til å byggje ut framtidas mobilnett i Noreg.