Pompeo samanlikna Huaweis 5G med «sovjetisk teknologi», men i Noreg er naudnettet hans omtala som den største IT-skandalen


Mike Pompeo er politikar og USAs utanriksministar, og gjer naturlegvis jobben sin som politikar: og verne om eigne interesser.

Nyleg talte han til medlemmar av stiftinga Commonwealth Club of California, og der samanlikna han Huaweis 5G med «sovjetisk teknologi», og hevdar at teknologien er ein trussel mot tryggleiken for land som tek den i bruk.

Noreg og andre land i Europa er under hardt press, om ikkje utpressing frå USAs regjering for å droppe eller nedskalere forbindelsane til Huawei i forbindelse med utbygging av femte generasjons mobiltenester, 5G.

USA har som kjent ikkje greidd å utvikle 5G-teknologi enno, medan kinesiske Huawei allereie har fleire produkt på marknaden og gjer utbyggingar over heile verda.

Nettverket – 5G – er omtala som den fjerde industrielle revolusjonen og handlar om «tingenes Internett» og «smarte heimar», der gjenstandar koplar seg saman og utvekslar data, som til dømes kjøleskåp, smartbelysning og smarte straummålarar.

Kina har som mål å verta verdsleiande innan telekommunikasjon, robotar, grøn energi, sjø og høgteknologisk skipsfart innan 2025 under visjonen «Made in China 2025».

USAs utanriksministar, Pompeo, reiser rundt og held føredrag og forsøkjer presse europeiske og ikkje-europeiske land til å droppe kinesisk teknologi.

Til Commonwealth Club of California påstår han at det kinesiske kommunistpartiet vil få tilgang til privat informasjon, noko Huawei sterkt har avvist. Tvert i mot har avsløringane til den amerikanske varslaren Edward Snowden vist at det er amerikanske styremakter som snokar i privat informasjon – ein tilgang dei vil miste etter kvart som kinesisk teknologi veks fram.

USA har innført fleire lover som forsøkjer begrense Huawei og svartelisting av deira teknologi i den amerikanske marknaden.

Kommentator Dimity Orlov i Russia Insider har fleire ganger påpekt korleis USA framandgjer allierte, og korleis dette utviklar seg til fiendskap:

Eit av poenga er at gjennom Warszawapakten fekk fleire land føremoner ved tilknytning til Russland sin industrielle makt, på same måte som fleire europeiske land har hatt føremoner ved tilknytning til USA og deira industrielle makt. No er denne alliansen til hinder for utvikling, fordi Europa vil søkje samarbeid med Eurasia [energi og teknologi, red. amn.], og Washington prøver hindre Europa integrere der.

Det er USA sjølv som har sovjetisk teknologi

Naudnettet i Noreg er utbygd på amerikansk teknologi der Motorola er hovudleverandør. Det er amerikanske styresmakter som pressa på for at Noreg skulle bruke deira teknologi, og PST forsøkte svartmåle alle konkurrerande leverandørar.

Tidlegare leiar av bransjeorganisasjonen IKT-Noreg, Per Morten Hoff, er ein av dei som har kritisert valet av teknologi.

Han kalla naudnettet for Noregs største IT-skandale, og at naudnettet til 6 milliardar kroner var utdattert allereie før det var ferdig utbygd.

Noreg har kjøpt walkietalkie til 6 milliarder kroner.

Datakapasiteten i nettet er så dårleg at det ikkje er mulig å sende bilete over nettet.  Under ein terroraksjon i Danmark måtte politiet køyre tilbake til stasjonen og printe ut bilete av terroristen og ta med seg.

I følgje Hoff har vi akkurat same system i Noreg; Noregs største IT-skandale.

Studieleiar ved Høgskulen i Oslo med industrielle erfaring frå Ericsson, Thor E. Hasle, seier at naudnettet er frå forrige århundrede

– Då meinar eg ikkje frå 1999, men heilt tilbake frå siste halvdel av 1980-talet.

Allereie i 2003 var arkitekturen til naudnettet omtalt som utdattert teknologi i lærebøker, fordi hovudspesifikasjonane er over 25 år gamle, seier Hasle.

Han viser til eit ordtak amerikanarane har: «Never throw good money after bad money» som betyr at ein må stoppe om ein har investert feil, fordi medgåtte ressursar aldri kan vera eit argument for å gå vidare i same lei.