Mobil-flådd: Britiske Three tilbyr billigare datapakke enn Telenor


Forbrukarorganisasjonar og politikarar etterlyser handling frå styresmaktene for å få til reell konkurranse i mobilmarknaden. Så langt er det ingenting som tydar på at Telenor har planar om å leggje til rette for det.

Tilbake i 2018 fekk den norske telegiganten eit gebyr av Konkurransetilsynet på 788 millionar kroner for å ha misbrukt sin dominerande stilling. Året før uttalte Forbrukarrådet at Telenor tilbyr små og dyre datapakkar:

«Det er vanskeleg å skjønne kvifor du får ubegrensa datapakkar for 250 kroner per månad i Finland, medan du i Noreg vert aveten med ein eller to gigabyte til same pris om du har Telenor Yng [eller Telia Smart Ung]».

Les også: Steckmest: Telenor la hindringar i vegen for utbygging av eit tredje mobilnett i Noreg

Telenor opererer fortsatt med datapakke på 0,5 gigabyte [kontantkort] og kundar får ikkje fylle på meir data heller. Slik har det vore i meir enn 15 år, og det er forbrukarane som sit att med svarteper, år etter år.

Trygg-pakken til Telenor med usle 1 gigabyte kostar 249 kroner per månad. Den neste datapakken på lista, 6 gigabyte, kostar ufattelege 399 kroner per månad. I Finland får forbrukarane ubegrensa data til same pris norske kundar betalar for 1 gigabyte.

For å setje det heile i perspektiv kan ein kjøpe kontantkort i Storbritannia med 12 gigabyte data til 325 kroner, og bruke det med gratis roaming i Noreg og 70 andre land. Her får ein dobbelt opp med data og sparer 74 kroner samanlikna med Telenor. I tillegg kan ein fylle på meir data over Internett.

BETRE ENN TELENOR: Britiske Three tilbyr 12 gigabyte data utan abonnement, og du kan bruke det i Noreg og 70 andre land med gratis roaming. Når kortet er tomt kan du «lade» det opp over Internett. Biletet viser SIM-kortet du får kjøpt i nettbutikken MyMemory. Grafikk: Grafen.

Telenor-sjef forsøkte vri seg unna spørsmålet

Grafen spurte Telenor om kvifor dei ikkje endra grensa på 0,5 gigabyte, og kvifor ein ikkje kan fylle på meir data over Internett.

Kommunikasjonssjef David Fidjeland gav først følgjande svar:

«For kundar som ikkje ynskjer å bruke ein god del data, tilrår vi abonnement med inkludert data. Det vil vere lønsamt for kunden. Vi tilbyr elektronisk ladekort på data for kvartal, halvår og heilår for kontantkort. For kundar som ynskjer å bruke meir data, vil det alltid løne seg med eit abonnement. I Norge er abonnement mest vanleg, og etterspurnaden etter kontantkort er dalande.»

Då Grafen gjenntok spørsmålet og bad Fidjeland svare tydeleg, endra han forklaring til:

«Grensene blir sette basert på ein kombinasjonen av regulatoriske og konkurranseomsyn. Men det avgjerande her er at etterspurnaden etter kontantkort er dalande. Vi har derfor prioritert å utvikle våre ulike abonnement i staden for kontantkort.»

Meiner at vêret påverkar prisen

Grafen tok opp det neste spørsmålet, og viser til at mange land har høgare fart enn Telenor og betre datapakkar. Så kvifor vil ikkje Telenor gje betre datapakkar for alle, enten det er kontantkort eller abonnement.

Fidjeland påstår at Telenor har eit av «verdas raskaste nett, og dekkjer 99 % av innbyggjarane», og held vidare fram med at «du skal ikkje langt utanfor landets grenser før du ser at mobildekninga og farten i nettverket er langt lågare».

No har dei 4G også på landsbygda i Ukraina, med tilnærma fri databruk, så Grafen veit ikkje kva land telenorsjefen siktar til. Han gav heller ikkje eksempel.

Vidare påstår Fidjeland at «samstundes er det viktig å peike på at vi bur i eit langstrakt og vêrutsett land med lågt innbyggjartal».

Grafen bad telenorsjefen igjen å svare på det opphavlege spørsmålet: om kvifor Telenor ikkje vil gje betre datapakkar for alle, enten det er kontantkort eller abonnement.

Har var det ingenting om vêr og vind, men heller ikkje noko tydeleg svar:

«Vi vurderer tilbodet på våre abonnement med jamne mellomrom, og det er viktig for oss å gje eit tilbod som samsvarer med kundane sine behov. Til dømes tilbyr Telenor abonnementet Fleksi, som tilpassar seg kunden sin databruk, og har ei rekkje fordelar inkludert. Alle abonnementa våre er utvikla og tilpassa etterspurnaden frå kundane.»

Forbrukarrådet: Dårleg konkurranse i mobilmarknaden

Forbrukardirektør Inger Lise Blyverket seier til Grafen at Telenor og Telia kontrollerar 90 % av den norske mobilmarknaden.

Det er heller ingenting som tilseier at norske forbrukarar har mindre beov for data enn forbrukarar i våre naboland. Forbrukardirektøren viser til at i ein marknad med betre konkurranse ville det i større grad vere kundane som definerte tilboda.

– Dårleg konkurranse fører opplagt til at prisane vert høgare og datapakkane mindre samanlikna med våre naboland, seier Blyverket.

Det same seier avdelingsdirektør i Konkurransetilsynet, Elisabeth Steckmest: auka konkurranse mellom operatørane vil kunne gi lågare prisar til sluttbrukarane.

På spørsmål om norske forbrukarar «vert flådd» svarte forbrukardirektøren at det er ingen tvil om at Telenor og Telia gjer god butikk i Noreg:

– Dette ser vi ikkje minst på inntjeninga per kunde, som er 40 % høgare i Noreg enn i dei andre nordiske landa, i følgje Blyverket.

Ho seier at vi treng styresmakter som aktivt fører tilsyn og legg til rette for reell konkurranse, for eksempel ved å sjå på kostnader ved å leige plass i nettet, og kva som skal til for å få på plass eit fullverdig, tredje mobilnett.

Bengt Fasteraune, Senterpartiet. Foto: Stortinget.

Senterpartiet: – Med ei oppdeling av selskapet og statleg eigarskap av samfunnskritisk infrastruktur kan ein heller ikkje stilla spørsmål om Telenors habilitet ovanfor konkurrentar i mobilmarknaden

Stortingsrepresentant Bengt Fasteraune (Sp) i Transport- og kommunikasjonskomiteen seier til Grafen at Senterpartiet er opptekne av at tilbodet om tele og dataløysingar må vera likt over heile landet:

– Gjennom statleg kontroll av infrastrukturen kan ein leggje forholda til rette for ein likverdig konkurranse frå aktørar ut til sluttbrukarar som vil føre til lågare prisar til folk, samtidig som staten har kontroll på avgjerande infrastruktur.

Fasteraune seier at når Telenor no planlegg å skilje ut fibersentralar, TV-antenner og mobilbasestasjonar ut i eige selskap vil vi sikre at staten kjøper opp det nye selskapet for å sikre nasjonal kontroll over den samfunnskritiske infrastrukturen.

Han seier at Telenor Infra bør ha den same rolla som Statnett som eig den grunnleggjande infrastrukturen. Her kan kommersielle aktørar selja straumen ut til sluttkundane.

Telenor Infra kan med ei slik løysing tilby infrastrukturen og tenestene sine til Telenor Noreg i likheit med andre aktørar som vil leige tilgang.