Politibetjent Tommy Thornes ved Sør-Vest politidistrikt måtte 30. september og delar av første veka i oktober møte i Sør-Rogaland tingrett for å ha skote ein mann i kneet.
Årsaka er at politibetjenten ville bruke lommelykta på pistolen sin til å lyssetje mannen, men pressa i staden avtrekkjaren for langt inn og skaut han.
Strafferamma er fengsel inntil tre år.
SKULLE HEIM ETTER HANDLETUR
I følgje tiltalen som er skriven av Terje Nybøe, sjef for Spesialeininga for politisaker, fekk mannen store skadar i kneet. Mellom anna brot i kneskål, i lårbein, samt ein nerve og ei sene. Skaden har medført redusert funksjon i kneet.
Les også: Politibetjent tiltalt for misbruk av stilling for å skaffa seg seksuell omgang
Les også: Politibetjent i Bergen truga med drap og skalleknusing
Hendinga fann stad torsdag 22. desember 2022 ved inngangspartiet til Kiwi Hillevåg i Stavanger, og Spesialeininga venta heilt til mars med å ta ut tiltale mot Thornes.
Fornærma i saka har forklart at han skulle heim etter ein handletur og omtalar hendinga som cowboy-tilstander i politiet.
Spesialeininga for politisaker skriv i tiltalen at verken politibetjenten eller andre var utsett for trugsmål eller fare, og at det ikkje var absolutt nødvendig å skyte.
Det er ikkje klart når dom vert klar.