Domstolane forskjellsbehandlar framleis: Ein må ta førarkort på nytt, ein annan ikkje


I ei fersk sak i Sogn og Fjordane tingrett har den kontroversielle tingrettsdommaren Ida Kristin Bøen frå Førde dømt ein mann med utanlandsk namn til å miste førarkortet i 8 månader for å ha køyrt i 131 km/t i ei 80-sone.

Det har knapt gått ein månad sidan det statlege nyhendebyrået i samarbeid med Lighthouse Reports utarbeidde ein rapport som konkluderte med at domstolane i Noreg diskriminerer.

I saka til mannen med det utanlandske namnet der Bøen var dommar, hadde han køyrt i 131 km/t i ei 80-sone. Mannen var i tillegg tømrar. Utover å miste førarkortet i 8 månader fekk han 30 dagar samfunnsstraff med gjennomføringstid på 120 dagar.

Tingrettsdommar Ida Kristin Bøen dømte mannen til å avlegge ny førarprøve – den praktiske delen – dette til tross ho veit at domstolane ikkje skal forskjellsbehandle.

Grafen har tidlegare skreve om politibetjenten Erik Theodor Torgersen (28) som vart dømt for å køyra i 131 km/t. Tingretten idømte politimannen 30 timar samfunnsstraff og tap av førarkort på 6 månader – utan krav om ny førarprøve.

Det er to heilt identiske saker med forskjellige resultat. Den eine er tømrar med utanlandsk namn, og den andre politibetjent.

Klassejustis og særbehandling

Grafen har fleire ganger omtalt straffesaker som gjeld ansatte i politiet og særbehandling dei får i domstolane.

Ein av desse er Karl Martin Aas Østby (33) som i juni 2020 køyrde utanfor ein vegskrent i Stad kommune i ruspåverka tilstand – med seg i bilen hadde han også to kvinnelege kollegaer han hadde vore på fest med.

Forrutan lang liggetid før saka kom til rettsapparatet vart politibetjenten dømd til 21 dagar fengsel og kr 35 000,- i bot. Forslaget til bot var av påtalemakta dobbelt så stor, men tingretten halverte den fordi «den økonomiske situasjonen» var usikker fordi politibetjenten mista jobben som følgje ruskøyringa.

Det same fekk ein pensjonert lensmann som fyllekøyrde – han fekk redusert straff på grunn av krav om restskatt.

Denne rettspraksisen gjeld derimot ikkje vanlege folk som vert dømd for fyllekøyring – dei får større bot og lengre fengselsstraff.

Les også: Politimann stjal narkotika frå politistasjon – no er han dømd


Privacy Overview

This website uses cookies so that we can provide you with the best user experience possible. Cookie information is stored in your browser and performs functions such as recognising you when you return to our website and helping our team to understand which sections of the website you find most interesting and useful.