Politibetjent må i fengsel for sletting av bevis


Politibetjent Tor-Jarle Olsen (33) vart førre veke dømt til ubetinga fengsel i 21 dagar for sletting av bevis på eigen mobiltelefon.

I tillegg er han dømt til tap av stillinga som politibetjent i tråd med politiadvokat Vegard Hermann Tobiassen sin påstand.

Les også: Må i fengsel og betale oppreisningserstatning: Høgsterett avviser anken til kommandérsersjant i hæren

Det var i april 2024 Olsen sletta bevis frå sin private iPhone 11 Pro Max som politiet skulle ha beslag i, då telefonen kunne ha betydning som bevis i etterforskinga av ei straffesak der Olsen var vitne. Den aktuelle saka omhandla vald i nære relasjonar, og difor vart også saka mot Olsen gjeve prioritet sidan mobiltelefon kunne ha betydning som bevis.


«Føresetnaden for eit velfungerande politi er at innbyggjarane har tillit til politiet»

I dommen viser retten til Rolleforståelsesutvalet sin rapport av 16. september 2021, Politi og rolleforståelse, kapittel 4. Retten meiner det ikkje vil vere mogleg for ålmenta framover å kunne ha den nødvendige tilliten til Olsen som politibetjent.

Les også: Politibetjent i Bergen truga med drap og skalleknusing

Tilsvarande vil det ikkje vere mogleg å oppretthalde den naudsynte tilliten som må føreligge på alle nivå internt i politiet. Ved utøving av polititeneste og myndigheit må den nødvendige tilliten også førelligge mellom kollegaer internt i politiet og mellom han som ansatt og leiinga. Retten kan vanskeleg sjå føre seg at den naudsynte tilliten på noko vis vil kunne la seg gjenopprette.

Blir ankesak

Forsvarer Espen Henrik Johansen seier i kommentar til Grafen at dei har bestemt seg for å anke dommen:

– Det vert levert anke og grunngjeving innan ankefristen. Deretter vert det opp til lagmannsretten å vurdere saksforholdet. Anken rettar seg både mot bevisvurdering og lovanvendelse samt at straffutmåling uansett syntes å vere vesentleg for streng.

Med andre ord så er ikkje siste ord sagt i denne saka, avsluttar Johansen.