Politikvinna Linn Rosenlund fekk bot for å ha gitt opplysningar frå politiets dataystem til naboar


Det viser dokument Grafen har fått tilgang på.

Saka starta i 2021 då Linn Rosenlund, som til dagleg er politiførstebetjent i Oslo politidistrikt, logga seg inn på ein PC og henta ut interne politiopplysningar, og gav desse vidare til to nære naboar som var på henna parti i ei nabokonflikt.

Les også: Pensjonert lensmann fyllekøyrde – fekk redusert straff på grunn av restskatt

Saka vart først henlagt av Spesialeininga for politisaker, men vart påklaga til Riksadvokaten som gjorde vedtaket om, og gav politiførstebetjenten eit forelegg på kr 7000,-.

§ 172. Grovt uaktsom tjenestefeil

Med bot eller fengsel inntil 1 år straffes grovt uaktsom tjenestefeil.

Var involvert i nabokonflikt

Riksadvokaten skriv at Linn Rosenlund var involvert i ei nabokonflikt og at handemåten innebar samla sett ei kritikkverdig utglidning mellom politiførstebetjentens rolle som privatperson i ein betent nabokonflikt og henna rolle som politiførstebetjent – samtidig som ho handla utover sine fullmakter i sistnemnte rolle.

Les også: Politibetjent brukte politiet sitt register til ulovleg snoking og delte informasjon

Les også: Ny NAV-sjef teken for snoking

Les også: «Snokesjefen» i Nav var leiar av juridisk seksjon

Riksadvokaten viser til strl. §§ 171-173 om behovet for å oppretthalde ålmenta si tillit til at offentleg mynde vert utøvd i tråd med regelverket, og at brotet til Rosenlund var tilstrekkeleg grov til at det kan danne grunnlag for straffansvar etter straffelova § 172, jf. § 171.

Erfaren politiansatt

I vurderinga om Rosenlund handla grovt uaktsomt tok Riksadvokaten utgangspunkt i at Rosenlund var erfaren og burde hatt føresetnader for å forstå at framgangsmåten var i strid med reglane om innsyn i politiet sitt datasystem.

Riksadvokaten framhevar at eventuell villfarselse kunne enkelt blitt korrigert ved å gjere enkle undersøkelsar, som å lese politiets straffesakinnstruks – og at Rosenlund samla sett har utvist grov aktløyse.