«Snokesjefen» i Nav var leiar av juridisk seksjon


Det var seksjonssjef Inger Reidun Mikalsen som hadde slått opp kjendisar og naboar i Navs registre. Det går fram av dokument frå direktoratet.

Mikalsen har i følgje LinkedIn-profilen arbeidd som leiar av juridisk seksjon i arbeids- og velferdsdirektoratet.

Hovudansvaret var å leie arbeidet med handtering av søksmål mot Nav, sikre rett forståing av generell og spesiell forvaltningsrett i etaten, samarbeide med Sivilombudsmann og Trygderetten.

Som leiar av juridisk seksjon, er dette ein person som burde vite betre enn å grave i kjendisar og eigne naboar.

— Fekk avtale om fritak for arbeidsplikt

Medan vanlege folk blir strengt sanksjonert for bagatellar i Nav-systemet, tek Nav veldig lett på ugjerningar gjort av eigne tilsette.

I eit dokument frå advokatfirmaet som representerer Mikalsen i saka, kjem det fram opplysningar om inngåelse av avtale som gjev fritak for arbeidsplikt. Det betyr at Mikalsen ikkje har fått avskjed frå stillinga.

Det er heller ikkje informasjon om at seksjonssjefen er politimeld for snokinga. Konsekvensane for å snoke i Nav-registeret er difor små. Dine personlege opplysningar kan såleis verte underhaldning for Nav-tilsette.

Slik forsøkte Nav unndra informasjon

Under handsaminga av innsynsbegjæringen viste NAV fleire uetiske strategiar med hensikt å unndra informasjon.

I det første svaret forsøkte Nav unndra alle dokument med ein bløff; at dokumenta er offentlege etter offentleglova, men ikkje etter forvaltningslova:

Hei,

Vi har behandlet ditt krav om innsyn etter offentleglova og har fattet følgende vedtak:

De dokument du ber om innsyn i er offentlige etter offentleglova. Etter en grundig vurdering er vi imidlertid kommet til at opplysningene er underlagt taushetsplikt etter forvaltningsloven.

Etter offentleglova § 13, første ledd er opplysninger som er underlagt taushetsplikt i lov eller medhold av lov unntatt fra innsyn. Forvaltningsloven § 13 første ledd (1) pålegger forvaltningen taushetsplikt om noens «personlige forhold». Rettsdata har følgende kommentar til dette vilkåret:

«Det er antatt at opplysninger om den enkeltes utdanning og arbeid som alminnelig regel går inn under § 13 første ledd nr. 1. I proposisjonen sies det også at opplysninger om enkeltpersoners boligforhold, økonomi og arbeidsforhold som hovedregel vil gå inn under taushetsplikt etter § 13, jf. Ot.prp. nr. 3 (1976-77) s. 15».

Herværende vedtak om avslag på din begjæring om innsyn er et enkeltvedtak og kan påklages jf. Offentleglova § 32. Klagefristen er tre uker fra mottak av vedtaket.

Avslaget vart naturlegvis påklaga. Påstanden om at dokumenta er teiepliktige etter forvaltningslova vart tilbakevist. Nav forsøkte seg no på ny strategi. Denne gangen ville Nav utlevere «sladda» dokument:

Hei igjen,

Jeg viser til ditt krav om innsyn. Her er svaret på din klage:

Ref. Vedtak 25. mai 2016 om avslag på innsynsbegjæring

Det vises til vedtak 25. mai 2016 om avslag på innsynsbegjæring samt din klage på avslag av samme dato. Etter en fornyet vurdering etter offentleglova § 33, jf. forvaltningsloven § 33 annet ledd har vi kommet til at det er grunnlag for å gi delvis innsyn.

Ditt krav om innsyn 16. mai 2016 gjelder følgende dokumenter:

    • Seksjonssjefen sin arbeidsavtale
    • Referat frå drøftingsmøte
    • Avskjed/oppsigelse
    • Elles: alle dokument i personsalsaka til seksjonssjefen

Du vil få samtlige dokumenter i personalsaken. Det er gjort unntak for enkelte opplysninger etter offentleglova § 13, jf. forvaltningslova § 13 nr. 1. Det er videre vurdert at øvrige opplysninger kan utleveres, jf. offentleglova § 13, jf. forvaltningsloven §§ 13 og 13a nr. 2.

Herværende vedtak om å unntak for innsyn i opplysning/anonymisering er et enkeltvedtak og kan påklages jf. Offentleglova § 32. Klagefristen er tre uker fra mottak av vedtaket.»

Det betyr altså at du vil få oversendt samtlige dokumenter i personens personalmappe. Samtidig vil vi ikke oppgi personens personalia, jf. begrunnelsen ovenfor. Fordi vi nå går gjennom og sladder dokumentene vil du få dem oversendt først i morgen.

Vi vil samtidig minne om at en offentliggjøring av personalia vil kunne få store konsekvenser både for den det gjelder, dennes familie og dennes omgivelser. Vi anmoder derfor om at informasjonen blir håndtert med varsomhet.

Også dette vart påklaga. Først ved tredje påklaging vart informsjonen sendt:

Arbeids- og velferdsdirektoratet har foretatt en ny vurdering av din begjæring om innsyn. Det er bestemt at du vil få oversendt hele personalmappen, unntatt helsemessige opplysninger. Du vil får innholdet på e-post på fredag denne uka.

Måten innsynskrav vert handsama på viser kor uetisk Nav er. Aller først forsøkte dei unndra all informasjon. Deretter utlevere «sladda» informasjon. Med slik sakshandsaming kan du ikkje ha tillit til noko av det Nav gjer.

Gjennomgåande svikt i heile systemet

Seinast i går kunne ein lese seg opp på Nav-kritikk under tittelen «Nav-ansatte gir ubegrunnede avslag for å få pynte på statistikken». I ein rapport tidlegare vert det teikna bilete av at Nav-kontora ikkje leverer forsvarlege tenester. Det vart avdekt lovbrot i 80 % av Nav-kontora, heile 169 av 209 kommunar og bydelar.

Det er difor veldig rikt av Nav og be om varsemd i høve innsynskravet. Ein kunne tru Nav var spydspissen i vern av individ, familieliv og omgivnader.

Det er ikkje mangel på kunnskap om forvaltningslova det står på. Det er ein inngrodd juksekultur.

Les også: Trugselbrev frå Inger Reidun Mikalsen

Skal folk ha tillit til forvaltninga må politiet byrje gjere noko med korrupsjonen. I dag gjer politiet ingenting. Får politiet ein anmeldelse som vedgår ein tilsett på leiarnivå i eit offentleg føretak vert saka trenert og henlagt. Handlemåten til politiet i Noreg er ein form for organisert korrupsjon med føremål å hindre kritikkverdige forhold å komme fram.

Det er berre ei løysing. Den er å straffeforfølgje korrupsjon i offentleg sektor 20 år attende i tid.

Dokument i saka

Last ned dokument (1,85 MB)

Oppdatering 11.11.2016: I alt har seksjonssjefen gjort 180 ulovlege oppslag.