Kviteseid-ordførar Tarjei Draugedal forsøkjer skjerme straffedømt politimann mot identifisering


Dette er ein redaksjonell kommentar. 

Grafen skreiv i byrjinga av mars om politimannen Kåre Lønning Solvang (27) som i Oslo tingrett vart dømt til ubetinga fengsel og bot.

Om lag ein månad seinare sendte Kviteseid-ordførar Tarje Draugedal (KrF) følgjande e-post til Grafen med oppfordring til å fjerne namnet til den straffedømte politimannen frå artikkelen:

Hei. Eg er ordførar i Kviteseid kommune. Der har me ei tragisk sak med politimannen Kåre Lønning Solvang.

Eg spør fint, om dykk kan fjerne navnet hans frå reportasjen? 

Familien hans har det ikke nok i ei lita bygd, om ikkje navnet også kjem fram i alle aviser!.

Tarjei Draugedal

Ordførar

Solvang som i følgje ordføraren kjem frå kommunen, vart dømt til 18 dagar ubetinga fengsel og kr 69 000,- i bot for å ha teke med seg narkotiske tablettar frå politistasjonen han arbeida og køyrt bil i ruspåverka tilstand.

Politimannen deltok i ei ransaking der han gjorde beslag av dei nemnte tablettane, og tok dei med seg etter at dei var registrert i saka.

Den forrige som forsøkte påverke Grafen var Alexander Gonzalo Sele i firmaet Preto Askevold & Fehr. Grafen tok ikkje anmodningen til følgje.

For ordens skuld har Grafen også fått forespørsler frå både prest og psykolog – men då i andre saker som også omhandlar straffedømte i politiet. Det er ikkje mangel på engasjement; i alle fall for offentleg tilsette.

Solvang er som politimann ein tiltrudd profesjonsutøvar, gitt ei rolle med fullmakt til å utøve tvang ovanfor dei han kjem i kontakt med, og dermed også med særleg makt. Denne makta og tilliten har han misbrukt – og det er ikkje grunnlag for at han skal skjermast mot å bli identifisert i slik samanheng. Slike saker viser også store problemer i politiet.

At det er trist for han sjølv eller familien hans har ingen relevans. Vi kan ikkje ha ei presse som skjermar offentleg tilsette som har begått straffbare handlingar. Skal vi skjerme nokon, er det privatpersonar som blir utsett for overtramp av makta, ikkje omvendt.

Det er garantert mange som har fått ei trist skjebne i Kviteseid kommune utan at ordførar Draugedal blandar seg inn og forsøkjer påverke det.

Likevel er det ikkje for seint for Draugedal; gode gjerningar er i den kristne etikk det å leva livet sitt i overensstemmelse med Guds lov – og som det står i Jakob 2:1-13 skal ein ikkje gjere forskjell på folk; for snublar ein i eitt bod er ein skuldig i dei alle.