Politijurist Magnar Pedersen fekk bot for grovt uaktsom tenestefeil


Agder lagmannsrett sette straffa for grovt uaktsom tenestefeil til bot på kr 5 000,- til politijurist i Vestfold, Magnar Pedersen.

Pedersen vart først dømd i tingretten til å betale bot på kr 10 000,- og sakskostnader. Sidan anka han saka til lagmannsretten som først frikjente han, men Høgsterett sende saka tilbake, og i lagmannsretten 22. juni 2023 vart han dømd på nytt til å betale bot.

I følgje dommen frå tingretten hadde politijuristen om lag 1 million kroner i årslønn i 2021. Han fekk med andre ord ei bot som svir langt inn i det nye året.

Les også: Tønsberg-politiet arrangerte julebord: Politimann tok på puppar og rumpe – truga med å drepe kollega

Les også: Truga Grafen med PFU same dag han skulle møte i retten for trugslar

Grunnlaget for «bota» er at Pedersen på uriktig grunnlag fatta vedtak om ransaking hjå ei kvinne som arbeida som vaskehjelp hjå hans kollega, Ingvill Tjugum, som er politioverbetjent i Sør-Øst politidistrikt.

Ransakinga vart begrunna med påstått tjuveri av bunadssølv og smykker tilhøyrande Tjugum. Beslutning om ransaking var ikkje innom tingretten for prøving av vilkår.

Seinare opplyste Tjugum på telefon til leiar for etterforskning i Larvik, Knut Vidar Vittersø, at ho hadde funne smykkene og bunadssølvet i eigen bustad, og at ho ville trekke anmeldelsen. Saka vart seinare henlagt.

Tjugum er etter det Grafen kjenner til ikkje straffa for å ha innlevert falsk anmeldelse.

Professor i rettsvitskap Hans Fredrik Marthinussen seier i kommentar til Grafen at han ikkje trur storleiken på bota er det vesentlege i slike tilfeller. Han meiner det er veldig alvorleg for ein politiansatt å bli straffa, og at det kan få store konsekvensar for vidare karriere.