Ny politimann i Vest politidistrikt tiltalt for fyllekøyring


Det er politibetjent Espen Tingvoll Teigland (37) som er tiltalt for fyllekøyring etter at han køyrte utanfor vegbana på Fitjarvegen på Stord i februar i fjor.

Teigland er tilsett i Vest politidistrikt.

Utforkøyringa skjedde i følgje tiltalen klokka 03:45 med ein Volvo XC90 på Fitjarvegen på Stord. Då naudetatane kom på staden var bilen tom. Då blodprøve vart teken same dag, kl 07:06 om morgonen viste den ein alkoholkonsentrasjon på 1,39 promille.

Tiltalen er skriven av John Olav Thorbjørnsen i Sør-Vest politidistrikt.

Les også: Politimann må i fengsel etter fyllekøyring

Les også: Pensjonert lensmann fyllekøyrde – fekk redusert straff på grunn av restskatt

Førstekonsulent Karin Sørheim i Haugaland og Sunnhordland tingrett sa til Grafen at tiltalen skulle vere tilgjenge på pressesidene, men det var uriktig informasjon.

Grafen vart motarbeida av Haugaland og Sunnhordland tingrett

Tiltalen til Espen Tingvoll Teigland var ikkje lagt ut på domstolen sine pressesider, som er vanleg praksis. Saka var kun ført opp under beramming, utan vedlegg og ytterlegare informasjon. Slikt det offentlege sjølv kallar nøktern informasjon, omtale, eller kva du vil.

Då Grafen forsøkte få tiltalen utlevert frå Haugaland og Sunnhordland tingrett skulle dette vise seg å bli starten på ei meir krevjande oppgåve: Førstekonsulent Karin Sørheim ved tingretten opplyste 4. mai at tiltalen var tilgjenge på pressesidene, noko den ikkje var.

Etter fleire påminningar om dette og konkret begjæring om å få den utlevert, og fleire innloggingar, så makta ikkje tingretten dette, men kom stadig med ymse vekkforklaringar. Det var først då Grafen kontakta lagmannsretten tiltalen vart utlevert, den 15. mai.