Ein undersøkelse utført av konsulentfirmaet EY og K33 Research finn at 8 prosent av den vaksne befolkninga i Noreg eig kryptovaluta, noko som er nedgang på 2 prosentpoeng frå 2022.
Den landsdekkande undersøkinga viser ein reduksjon av norske kryptoeigarar på 75 000 nordmenn det siste året. Basert på ein spørjeundersøkelse utført av Norstat og offentlege rapportar estimerer EY og K33 Research at 345 000 nordmenn eigde kryptovaluta per mars 2023.
Fleire avanserte brukarar
Nordmenn brukar i aukande grad meir avanserte produkt og tenester innan kryptovaluta som for eksempel desentralisert finans (DeFi), herunder desentraliserte vekslingsplatformer. Undersøkinga viser at 16 prosent av alle kryptoeigarar oppgjev å ha nytta DeFi produkt.
NFTar (Non-Fungible Tokens) er også i rask framvekst. Undersøkinga viser ein vekst på heile 100 prosent frå fjoråret, og det er estimert at 23 prosent av alle norske kryptoeigarar også har ein eller fleire NFTar.
Les også: Oljefondet eig indirekte Bitcoin for 660 millionar kroner
Les også: Først ute med kurs i kryptovaluta
– Vi ser heilt klart at brukarane stadig veljer meir avanserte produkt, og at private så vel som profesjonelle aktørar nyttar NFTar som verdiobjekt innan desentralisert finans. I tillegg vert NFTar nytta no i langt større utstrekning til å verifisere digitale objekt og eigarskap innan dataspel og på Metaverse plattformer.
Mange store selskap som for eksempel Adidas, Nike og Gucci tilbyr også NFT-produkt som bidreeg til vekst og utvida bruksområder, seier Magnus Jones, nordisk blokkjede- og innovasjonsleiar i EY.