Oljefondet eig indirekte Bitcoin for 660 millionar kroner


Bitcoin er ein uregulert digital valuta som vart innført i 2009. Den er godteken som betalingsmiddel over heile verda for tenester og materielle goder hjå tilbydarar som legg til rette for dette.

Styresmaktene i Noreg har ikkje likestilt Bitcoin med ordinær valuta som norske kroner eller euro fordi den ikkje er garantert av ein nasjonal sentralbank. Den er difor definert og skattlagt som eit «anna formuesobjekt».

Bitcoin har auka i verdi frå 1 til 45 000 dollar på 10 år, eller frå 8 til 380 000 kroner etter dagens kurs. Hadde du kjøpt Bitcoin for ein 100-lapp i 2011 ville verdien vore 4,7 millionar kroner i dag. Prisen vert heile tida bestemt utifrå tilbod og etterspurnad frå brukarar.

Høgskulen på Vestlandet si Sogndal-avdeling arrangerer kurs i Bitcoin. Neste kurs startar opp i haust. Foto: Grafen.

Nye moglegheiter i den digitale økonomien

For tre sidan arrangerte Høgskulen i Sogn og Fjordane [i dag Høgskulen på Vestlandet, red. anm.] kurs i Bitcoin som del av høgare utdanning.

Forskar ved Vestlandsforsking, Svein Ølnes, som stod for mesteparten av undervisninga den gang, sa til Grafen at høgskulen skal vera tidleg ute med å tilby eit økonomibasert kurs i kryptovaluta og markere seg.

No i haust vert kurset arrangert på nytt.

Ølnes seier til Grafen at i 2018, som var første gangen kurset vart halde, var det rundt 90 deltakarar og av desse tok 61 eksamen.

Året etter var det rundt 25 deltakarar og 20 som fullførte med eksamen. I 2020 vart ikkje kurset tilbydd.

– Bitcoin har vorte meir «stovereint»

På spørsmål om kva Ølnes tykkjer om utviklinga for Bitcoin sidan kurset i 2018 og fram til no, svarer han dette er eit område med enorm utvikling og mykje har skjedd dei siste 2-3 åra.

– Framfor alt har Bitcoin vorte meir «stovereint», og stadig fleire profesjonelle investorar og investeringsselskap har komme til, seier han.

– Dette tok særleg av i fjor og har berre halde fram no i starten av 2021, med Elon Musk og Tesla som det førebels siste eksempelet.

Tesla investerte 12,75 milliardar kroner i Bitcoin første veka i februar og planlegg å kjøpe og halde på valutaen «frå tid til annan eller langsiktig» i følgje ei børsmelding.

Ølnes seier at oljefondet indirekte er eksponert for Bitcoin gjennom eigardelar mellom anna i MicroStrategy, Square og Tesla.

I følgje ei nettside som gjer løpande utrekningar eig oljefondet Bitcoin for om lag 660 millionar kroner gjennom dei nemnte investeringane.

Det vil likevel ta noko tid før Bitcoin vert meir vanleg som betalingsmiddel i Noreg.

Ølnes forklarer at brukarvennlege appar må utviklast, og «Lightning Network»-protokollen må få fotfeste, og krev vidare inngrep i dagens betalings-infrastruktur, så det er ikkje utan vidare enkelt.

Han seier Bitcoin-betaling først og fremst gjev meining over landegrenser akkurat no.

I kurset til høgskulen skal studentane lære forstå den underliggjande teknologien og valutaen sin plass i det nasjonale og internasjonale pengesystemet. Det tek også føre seg Bitcoin som betalingsmiddel, og investerings- og spekulasjonsobjekt.