Først ute med kurs i kryptovaluta


I haust vert det første kurset i kryptovaluta arrangert på høgskulen i Sogndal. I følgje kommunikasjonsdirektør Helge Olsen har det nye kurset fått heile 65 søkjarar.

Kryptovaluta er ikkje som andre valutaer som ofte er trykt på papir. Bitcoin er ein elektronisk valuta. Studentane får ei innføring i kva Bitcoin er og den underliggande teknologien.

Designet til Bitcoin tillèt i følgje Wikipedia mellom anna anonymt eigarskap og anonyme overføringar av verdiar. Fråvêr av sentralstyring gjer det umogleg for styresmakter å manipulere verdien av den.

Høgskulen meiner at Bitcoin har opna for nye moglegheiter i den digitale økonomien, og difor får studentane innføring i valutaen sin plass i det nasjonale og internasjonale pengesystemet.

Forskar ved Vestlandsforsking, Svein Ølnes, skal stå for mesteparten av undervisninga. Han seier til Grafen at han ønskjer at høgskulen skal vera tidleg ute med å tilby eit økonomibasert kurs i kryptovaluta og markere seg.

Ølnes seier han kjenner til kurs i kryptovaluta ved Universitetet i Oslo, men dette er reint IT-teknologisk.

Økonomikurset er opne for alle å følgja. Førelesingane vert strema på Internett slik at studentar kan følgje førelesingane medan dei går eller sjå opptak i ettertid.