Nrk plaga langrennsstjerner med politiske spørsmål: – Eg er langrennsløpar, ikkje politikar og treng ikkje meine noko om alt, svarte Heidi Weng


Langrennsløpar Heidi Weng seier til Nrks reporter at ho ikkje er politikar og treng ikkje meine noko om alt. Foto: Trine Hisdal/CC BY 3.0.

– Eg er langrennsløpar, ikkje politikar og treng ikkje meine noko om alt, svarte Heidi Weng skarpt til Nrks reporter på Sognefjellet i går.

Den 29 år gamle langrennsløparen tok bronsemedaljen på 15 km under ski-VM 2013, og gjekk for det norske laget som vart verdsmeistrar på 4×5 km stafett. Weng representerer i dag IL i BUL.

Det var under mediedagane på langrennslandslagets si samling på Sognefjellet denne helga at det statlege nyhendebyrået Nrk gjekk rundt og plaga deltakarane med politiske spørsmål om Kina.

Vinter OL 2022 vert arrangert i Kinas hovudstad Beijing.

Langrennssjef Espen Bjervig sa til Nrk at han arbeidar med idrett og kjenner berre overflatisk til situasjonen i Kina. Han vil heller ikkje ta stilling til noko spesifikt.

Statskanalen stakk også mikrofonen opp i ansiktet til juniorløpar Helene Marie Fossesholm og spurte om ho ville stille seg bak ei markering mot Kina.

– Det har eg ikkje tenkt å utdjupe eller belyse akkurat her og no, svara Fossesholm.

Nrks påtrengande reporter spurte vidare «kvifor ikkje».

– Eg ønskjer ikkje uttale meg her og no. Sjølvsagt, menneskerettar er utruleg viktig. Men eg har ikkje lyst til å stå og diskutere det, avslutta Fossesholm.

Organisert skittkampanje mot Kina

Nrk gjekk også på John Peder Egenæs i den politiske organisasjonen Amnesty International, som gav uttrykk for at han «forventar» at langrennsmiljøet har ei «meining» om Kina, med henvisning til påstått internering av muslimar og brot på menneskerettar.

Egenæs» rolle i Nrks artikkel var imidlertid berre å vere «ekstern ekspert» og legitimere bodskapen og vinklinga til statskanalen: «at Kina er fysj». Ein velbrukt teknikk i produksjonen av nyhende.

Les også: Herland Rapporten: – Vi er det landet i Europa med dei mest einsretta mediene 

Dersom menneskerettar verkeleg var viktig ville Egenæs og Nrk stilt krav og forventningar til vestlege idrettsprofilar som skal delta på arrangement i for eksempel USA, Storbritanina eller andre vestlege land, eller oppfordre asiatiske idrettsprofilar gjere det.

Vidare held Egenæs fram med påstand om at Kina arresterer advokatar som forsvarar klientar som har brukt ytringsfridommen sin, og journalistar som skriv kritisk.

Egenæs utelét bevisst at vestlege journalistar og advokatar vert sperra inne for det same.

Ein av dei mest kjente i vår tid er Julian Assange som har tilbrakt 10 år i britisk fangenskap, og risikerer 175 års fengsel for å ha publisert bevis for krigsbrotsverk som varslaren Chelsea Manning hadde fått tilgang til gjennom arbeidet som analytikar i det amerikanske forsvaret.

Les også: Fortjener også Assange oppmerksomhet?

Les også: Selnes: – Britane held fram med å fengsle journalistar