Selnes: – Britane held fram med å fengsle journalistar


Gisle Selnes, professor i litteraturvitskap ved Universitetet i Bergen skreiv fredag på Facebook-sida si at når den britiske journalisten Craig Murray (62) no vert kasta i fengsel, sit vi att med så å seie ingenting.

– Murray har gjeve den einaste skikkelege framstillinga på fleire månader om utvikling og sannsynleg utfall av Julian Assange-saken, skriv Selnes.

Han viser til at ingen etablerte medier skriv om saken, verken norske eller utanlandske.

– Ikkje ein gang dei seriøse organisasjonane som gjev støtte til Assange har anna enn høgst overfladisk informasjon om den vidare saksgangen på nettsidene sine.

Les også: Fortjener også Assange oppmerksomhet?

Murray er tidlegare diplomat som britisk ambassadør i Usbekistan, og var seinare rektor ved universitetet i Dundee. Då han arbeidde som ambassadør gjorde han kjent brot på menneskerettane utført under Islam Karimov, som då var president i Usbekistan og leia eit brutalt og autoritært regime.

I følgje Murray var mellom 7 000-10 000 mennesker i Usbekistan politiske eller religiøse fangar, og fleire systematisk fengsla med falske anklager. Han sa også at to personar vart «kokt levande», og at det ikkje var ein isolert hendelse. Eit fotografi viste at fingerneglene var trekt ut av hendene til personane. USA pressa seinare på for at den britiske regjeringa skulle tone ned kommentarane til Murray, som etterpå vart fjerna frå stillinga som ambassadør.

I følgje Selnes har Murray engasjert seg i og dekt fleire saker, som den pågåande Julian Assange-saken, og saken mot den skotske politikaren Alex Salmond.

No er Murray dømd til åtte månaders fengsel for si dekning av Salmond-saka. Forbrytelsen hans er å ha henta inn opplysningar frå kjelder og identifisert dei som har anklaga Salmond for overgrep. Salmond vart seinare frikjent på alle punkt og tilkjent erstatning frå staten.

Selnes omtalar dette som «Jigsaw identification».

Han meiner at kriminaliseringa av slik identifisering er nøyaktig like drepande for den frie pressa som det høyrest ut som. Artiklane Murray har skreve er også fjerna.

Fleire internasjonalt kjente kulturpersonlegdomar har uttrykt støtte til Murray. Blant desse er PinkFloyd-artist Roger Waters, dramatikaren David Hare og lingivstikkprofesssor Noam Chomsky. I tillegg har den tidlegare greske finansministaren Yanis Varoufakis gjeve si støtte.

Skulle til Spania for å vitne

Selnes skriv at Murray om eit par veker også skulle reise til Spania for å vitne i saka mot David Morales, ein tidlegare leiar av overvakingsselskapet UC Global som samarbeida med den amerikanske militære etterretningstenesta CIA.

Morales er sikta for ulovleg overvaking av Assange, advokatane hans og andre besøkjande medan han sat i ambassadeasyl.

Dommen mot Murray vil difor setje ein effektiv stoppar for vitnemålet hans, som ville hatt stor verdi for det spanske aktoratet, skriv Selnes. Dette fordi Murray sjølv figuerer i dei videoklippa som er lekt på Internett.

CIA skaffa seg ikkje berre lyd- og videoopptak, men også store mengder teknisk og anna materiale då britisk politi tok seg inn i ambassaden og arresterte Assange i 2019.

Les også: Uro over ytringsfridom i USA

Selnes meiner det er akutt behov for kvalitetssikra informasjon og ikkje minst merksemd om spørsmåla, som burde vere av avgjerande betydning for alle som med eit minimum av sans for rettferd og interesse av at pressefridom skal vera ein realitet, ikkje berre eit slagord og liberal ideologisk staffasje.

Når Murray no vert kasta i fengsel, sit vi att med så å seie ingenting, skriv Selnes.