Herland Rapporten: – Vi er det landet i Europa med dei mest einsretta mediene


Herland Rapporten har intervjua Russland-ekspert Bjørn Nistad om media og einsidig dekning av nyhende rundt om i verda. Han har nyleg slept boka Geopolitikk, som drøftar korleis statar er involvert i ein makt- og overlevelseskamp.

Mediene spelar også ei rolle i denne maktkampen. Pressa skal vera ein uavhengig og kritisk instans som rapporterer nyansert frå begge sider i konfliktar. Eksempel frå mellom anna Syria og Ukraina viser at dette ikkje er tilfelle.

– Noreg er det minst frie landet i Europa. Vi er det landet i Europa med dei mest einsretta mediene. Vi les det som står i avisene og trur på det, seier Hanne Nabintu Herland til Nistad.

– Pressestøtta har mista sin verdi. Den skulle bidra til å stø aviser slik at vi fekk fleire forklaringsmodellar og forskjellige ståstader, men no ser vi omtrent over heile linja i det norske systemet så står avisene for den same meininga.

Herland meiner også det er påfallande at vi ser ei militarisering av vestlege massemedier, der medier vert brukt som ein del av sjølve krigføringa. 

– Eit eksempel på dette er når vi så at Trump seier han vil angripe fordi dei vet Assad har gjort [gassangrep i Syria, red. anm.], og den vestlege pressa står med, lenge før nokon har komme med bevis eller undersøkt. I Libya-krigen var dette drege til det grelle, seier Herland.

Nistad viser til eit mønster frå krigar dei siste tiåra. Han meiner det er tre grupperingar:

– Du har altså militæret og pressa, men også eit tredje element som er ganske viktig er den såkalla menneskerettsindustrien, seier han.

– Når ein ser på krigar så er det ikkje ein enaste krig som ikkje leier attende til anklager om brot på menneskerettane.

– Menneskerettsindustrien er instrumentalt og anklagar regimer og hausar opp og forsøkjer skape stemning om at vi må gripa inn.

Sjå heile intervjuet nedanfor: