Denne artikkelen er meir enn eitt år gammal og kan innehalde utdatert informasjon.

Den tidlegare kommunelegen i Sogndal, Andreas Michael Kronborg Franck, vart i 2019 dømd til trettiseks dagar fengsel for å ha brukt narkotika i arbeidstida medan han arbeida på Sogndal legesenter. I tillegg vart han dømd for tjuveri av 42 ampullar morfin.

Han vart fråteken autorisasjonen som lege i september 2019, som følgje den rettskraftige dommen. 

No er Franck tilbake som «bedriftslege eller spesialist i allmennmedisin» hjå firmaet Bedriftshelse1 i Sogndal, dette til tross tingretten la i skjerpande retning at Franck hadde fleire pasientar inne til konsultasjon på legesenteret medan han var ruspåverka.

Andreas Michael Kronborg Franck er tilsett som «bedriftslege eller spesialist i allmennmedisin» ved Bedriftshelse1 i Sogndal. Foto: Skjermdump.

I dommen skreiv retten det er viktig å oppretthalde tilliten til helsevesenet fordi legar skal ivareta personar som har behov for helsehjelp.

Helsetilsynet tause

Nina Vedholm i Helsetilsynet seier til Grafen at Franck har fått ein «begrenset autorisasjon», men vil ikkje seie noko om kva som er omfatta i denne, eller grunnlaget for den. 

Helsetilsynet vil ikkje at publikum skal vite grunnlaget for at Franck har fått tilbake ein begrensa autorisasjon, og nekta difor Grafen innsyn i vedtaket. Avslaget er påklaga.

Andreas Michael Kronborg Franck sendte trugselbrev til Grafen då saka vart omtalt i 2019. Også hans ektefelle Theresa Franck har sendt e-post og forsøkt påverke innhaldet. 

Les også: Politimann må i fengsel etter fyllekøyring


Del artiklane våre med venene dine på sosiale medier.


Del artiklane våre med venene dine på sosiale medier.


Del artiklane våre med venene dine på sosiale medier.


Del artiklane våre med venene dine på sosiale medier.