Dommar: Wikileaks-grunnleggjar Julian Assange skal ikkje utleverast til USA


Dommar Vanessa Baraitser i ein britisk domstol avgjorde i dag at Wikileaks-grunnleggjar Julian Assange ikkje kan utleverast til USA, der han risikerer 175 år i fengsel.

USA har begjært den 49 år gamle journalisten utlevert for det dei meiner er «spionasje» og «datainnbrot» etter lekkasjen av tusenvis av amerikanske dokument for meir enn 10 år sidan. Assange sit i dag på isolat 23 timar i døgnet i det britiske Belmarsh-fengselet.

Les også: Uro over ytringsfridom i USA

FNs spesialrapportør for tortur, Nils Melzer, har heile tida vore kritisk til det juridiske aspektet i tiltalen mot Assange.

– Motivasjonen bak begjæringa er ikkje i tråd med grunnleggjande juridiske standarder, med beskyttelsen av pressefridom, sa han i kommentar til Deutsche Welle.

– Assange vert forfølgd i USA for spionasje kun fordi han utførte gravande journalistikk, sler spesialrapportøren fast.

Amerikanske styresmakter seier dei vil anke avgjerda. 

Den tyske politikaren Sevim Dağdelen [Die Linke] er ein av fleire som vil at Assange skal bli anerkjent og prislønt for det journalistiske arbeidet, og at krigsforbrytarane må stillast til ansvar. I Noreg har Raudt-leiar Bjørnar Moxnes sagt det same.

Les også: Når skal vi forstå alvoret?

Dommaren i saka, Baraitser, argumenterte i dag med «medisinske grunnar» og «fare for sjølvmord» som grunnlag for å ikkje utlevere han. I følgje eit referat frå retten gjev derimot dommaren uttrykk for å vera prinsipielt einig med amerikanske styresmakter.

Saka er difor langt frå over.