Det amerikanske senatet røysta nyleg for eit lovverk som gjev styresmaktene rett til å overvake nettlesarhistorikken til innbyggjarar utan domstolskontroll. 

USA har lenge vore ein politistat med grove brot på menneskerettane, og det siste lovtillegget tek enno fleire borgarrettar frå innbyggjarne. 

Les også: Max Keiser: Verdsøkonomien imploderer og USA mistar supermakt-statusen 

Det var onsdag senatet drøfta å gjeninnføre fleire delar av den såkalla «Freedom Act», ei overvakingslov som skulle utgå i mars. Det var den republikanske senatoren Mitch McConnell som tok lova fram att. 

Den tidlegare presidentkandidaten og sosialisten Bernie Sanders skreiv på Twitter at han var «mot» lovverket i 2001, 2006, 2011 og 2015, og var sterkt i mot gjeninnføring. 

– Vi kan ikkje ofre borgarrettane som gjev oss eit fritt land, skreiv han til følgjarane sine på Twitter.

Men då røystinga skulle skje i senatet gav han imidlertid ikkje si stemme mot. Dette fekk fleire av tilhengarane hans til å rase. 

Angrip presse- og ytringsfridom

USA har fått sterk kritikk mellom anna frå jussveteran og korrupsjonsjeger Eva Joly som seier at arrestasjonen av Wikileaks-redaktør Julian Assange er eit angrep på presse- og ytringsfridom. 

Sjefredaktør i Nettavisen, Gunnar Stavrum, sa om arrestasjonen at det er ein klassisk strategi å skyte bodbringaren for å få merksemda vekk frå den ubehagelege bodskapen.

Overvakingslovene har hardna mykje til i USA etter fleire avsløringar om krigsforbrytelsar og forbrytelsar mot menneske- og borgarrettar. For nær 10 år sidan avslørte Wikileaks korleis det amerikanske militæret drap sivile og journalistar. 

Stadig fleire er også uroa for at amerikanske styresmakter byggjer inn spionvare i datamaskiner og IT-utstyr som kan nyttast til økonomisk spionasje og industrispionasje. 

Les også: Arrestasjonen av Julian Assange er ein hevnaksjon frå USAs regjering

Les også: Russland kjem godt ut i menneskerettsdomstolen