EU vil ha europeisk minstelønn, men i Noreg er fagbevegelsen i mot minstelønn


Førre veke la EU fram eit forslag om europeisk minstelønn, noko dei nordiske landa av ulike grunnar kjempar i mot.

Av dei nordiske landa har Danmark og Finland [med sosialdemokratisk regjering, red. anm.] gjeve uttrykk for at dei fryktar ein «one-size-fits-all»-plan som dei meinar vil undergrave kollektive forhandlingar; som tariffavtalar mellom fagforeiningar og arbeidsgjevarorganisasjonar.

EUs framlegg til minstelønn skal vera på €12, noko som tilsvarar 130 norske kroner per time. Ei gjennomsnittleg norsk medianlønn i dag er 272 kroner per time – som tilsvarar ei månadslønn på 42 000 kroner.

Med EUs minstelønn vil månadslønna krympe – noko som utvilsomt også vil skape fleire arbeidsplassar over heile Europa, og endre arbeidsmarknaden. 

Danmarks arbeidsminister, Peter Hummelgaard, sa i intervju med The Guardian at lønn der vert forhandla fram mellom fagforeiningar og arbeidsgjevarorganisasjonar – og slik har det vore gjennom hundre år. Dette vert typisk gjort i Noreg også.

Arbeidstakarar i dei nordiske landa har derimot ei skyhøg lønn samanligna med dei andre europeiske landa. Danmark har høgast lønn av alle, med snittlønn på heile €43,50 per time, eller rundt 479 norske kroner i timelønn med dagens kurs.

Les også: NAV sitt budsjett er nesten like stort som heile Finland sitt statsbudsjett

Per Olav Hernes, senior kommunikasjonsrådgjevar i Arbeidstilsynet seier til Grafen at vi i dag har allmenngjort lønn i Noreg, og ikkje minstelønn. Denne gjeld også for arbeidsgjevarar som hentar arbeidskraft frå utlandet, seier han.

Det er framleis usikkert om EU vil kunne overkøyre dei nordiske landa som har fått eit galopperande lønnsnivå. 

Hernes trekkjer også fram kabotasjekøyring i Noreg som krevjande for transportbransjen.

Det vert kalla kabotasje når ein lastebil heimehøyrande i Polen lastar opp gods i Oslo og køyrer det til Bergen, etter først ha frakta ei last til Oslo frå utlandet. 

Kabotasje er krevjande først og fremst fordi lønnsnivået er forskjellig i Noreg og andre europeiske land, som Polen. Ei felles europeisk minstelønn vil derimot kunne snu denne negative utviklinga.

Grafen har tidlegare skreve om kabotasje du kan lesa om nedanfor.

Les også: På Håbakken mellom storbyane Bergen og Oslo: – Mange køyrer med overlast for større vinst

– Vil ha nasjonal minstelønn i Noreg

Erlend Wiborg, stortingsrepresentant for Framstegspartiet og medlem av arbeids- og sosialkomiteen.

Erlend Wiborg, stortingsrepresentant for Framstegspartiet og medlem av arbeids- og sosialkomiteen, seier til Grafen at dei ønskjer nasjonal minstelønn og har sett fram forslag om dette fleire ganger, og også forsøkt mjuke opp forslag om å utgreie nasjonal minstelønn.

– Dessverre har Framstegspartiet stått aleine om dette då berre Venstre har støtta oss tidlegare, seier han.

Han legg til at i Noreg har vi den underlege situasjonen at også fagbevegelsen er i mot nasjonal minstelønn.

Les også: Norsk Industri-direktør Stein Lier-Hansen: – Talet på offentleg tilsette må bli færre

Wiborg meiner det er bra vi får ei minstelønn i EU, men vi bør også ha eigen nasjonal minstelønn. 

– Det vil vera eit effektivt virkemiddel mot nasjonal dumping. Det vil også vera eit golv, men ein står fritt til å forhandle seg fram til høgare lønn enn minstelønna, avsluttar han.