Norsk Industri-direktør Stein Lier-Hansen: – Talet på offentleg tilsette må bli færre


Norsk Industri-direktør Stein Lier-Hansen meiner vi har eit byråkrati rigga for 50-60 millionar innbyggjarar, og at den viktigaste oppgåva for offentleg sektor framover er å bli mindre.

Lier-Hansen seier også det er privat sektor som har bidrege mest i koronadugnaden, og at det er privat sektor som har teke støyten.

Les også: Sløseriombudsmannen: Sjefar sluttar aldri

– Førstelina i helsesektoren har sjølvsagt hatt ein stor belastning. Men den gruppa som har hatt størst belastning er dei som har mista jobben eller blitt permittert med sterkt redusert lønn, og det har først og fremst vore i privat sektor, seier han til NTB.

– Det er ikkje noko kritikk, men med tanke på dugnadsdebatten, så bør offentleg tilsette kanskje akseptere at det vert færre av dei for å hjelpe samfunnet framover att, seier han.

Lier-Hansen etterlyser særleg kutt i sentralforvaltninga som han meiner er rigga for ein befolkning på 50-60 millionar innbyggjarar, og påpeikar at berre under ti departement ligg 250 underliggjande direktorat.

I tillegg peikar han på det enorme «tilsynsvesenet» i Noreg.

Han meiner at velferdsstaten ikkje blir dårlegare om offentleg sektor vert mindre. Det handlar tvert om å få betre hjelpemiddel og organisere seg smartare.

– Målet må vera at ein bryt vekstkurva og at om ti år, så har vi minst like god velferd, men 15% færre tilsette i offentleg sektor enn om ein hadde forlenga trenden, seier han.

Les også: NAV sitt budsjett er nesten like stort som heile Finland sitt statsbudsjett