På Håbakken mellom storbyane Bergen og Oslo: – Mange køyrer med overlast for større vinst


– At talet er så høgt har med dyktigheita til kontrollørane å gjere seier seksjonsleiar i Statens vegvesen, Thormod Gausdal, til Grafen. Kontrollørane veljer ut køyretøy dei mistenkjer kan ha problem.

Håbakken kontrollstasjon vart opna 22. juni 2009 av dåverande samferdsleminister Liv Signe Navarsete. Her vart i fjor meir enn 2800 tunge køyretøy tekne inn til kontroll. Stasjonen ligg rett utanfor Lærdalstunnelen, mellom storbyane Bergen og Oslo.

Tal Grafen har fått tilgang på viser at det på landsbasis er kravd inn 35 millionar kroner i overlastgebyr. I region vest er summen 7,8 millionar kroner. Ein totalsum for Håbakken er ikkje råd å henta ut i følgje Statens vegesen, då gebyr kan vera klaga på.

I tillegg er det skrive ut andre gebyr på 871 000 kroner og desse relaterer seg Håbakken. Summen omfattar gebyr for mellom anna vognkort, dekk og kjetting, og bombrikke.

Halvparten fekk skriftleg mangel på bremseprøve

I Statens vegvesen sin statistikk for Håbakken går det fram at halvparten av kontrollerte tunge køyretøy hadde manglar på bremseprøve.

Thormod Gausdal som er seksjonsleiar i Statens vegvesen seier til Grafen at årsaka til dei høge tala handlar mest om dyktigheita til kontrollørane. Dei vurderer om køyretøya kan ha manglar når dei kjem inn til kontrollplassane.

– Kontrollørane veljer ut køyretøy som ein har mistanke til kan ha problem. At vi finn manglar på 50 % av køyretøya betyr difor ikkje at mange køyretøy har grove manglar ved bremsane, seier Gausal.

Han legg til at tilstanden på bremsar på tunge køyretøy er ganske bra.

Tette luftslangar og sprekker i bremseskiver

Når Grafen spør om dei alvorlegaste tilfella svarer Gausal med at dei har funne sjåførar som har fjerna bremseklokka til tette luftslangar for å ikkje bruke for mykje luft når dei bremsar med defekte bremsar.

Dei har også funne bremseskiver som er så sprukne at dei har gått heilt i oppløysing, og funne tilhengarar med bremsar som er så nedslitne at dei nesten ikkje hadde bremseeffekt att.

Om kvar køyretøya kjem frå seier Gausal at dei har ingen frå Asia.

– Det næraste vi kjem er nokre kinesiske sjåførar på mindre minibussar som køyrer små grupper mellom Oslo og Bergen.

– Vogntoga kjem frå Noreg og alle dei nordiske landa i tillegg frå heile EU samt Russland og også Tyrkia, seier han.

Hovudtyngda av dei utanlandske køyretøya kjem frå dei baltiske landa og Polen.

Køyrer med overlast for større vinst

Om kva som kan vera årsaka til at så mange køyrer med overlast langs stamvegen seier Gausdal at prisane er pressa i marknaden.

– At mange veljer å køyre med overlast kan kanskje komme av eit ønskje om å få med så mykje gods som mogleg for å ha ein større vinst att på eit oppdrag.

– Det kan òg liggje fleire årsaker enn denne, men dette er vel den vi ser som mest framtredande, seier han.

Fleire av tungbilane køyrer også kabotasje, noko som er lovleg innanfor EU. Kabotasje er når transport av personar og gods vert gjort i anna land enn transportmiddelet høyrer heime i. Det vert kalla kabotasje når ein lastebil heimehøyrande i Polen lastar opp gods i Oslo og køyrer det til Bergen, etter først ha frakta ei last til Oslo frå utlandet.

I følgje Gausdal er det stort sett lovleg kabotasje som vert stogga på Håbakken, og fleire av køyretøya transporterer mellom stadar i Noreg.

Nedanfor følgjer statistikk frå Statens vegvesen for Håbakken kontrollstasjon.

Foto: Grafen.