Etterforskar økonomisk misleghald i Sogndal kommune

    Denne artikkelen er meir enn eitt år gammal og kan innehalde utdatert informasjon.

    Politiet etterforskar økonomisk misleghald i sektoren helse og omsorg i Sogndal kommune. Det orienterte kommunalsjef for administrasjon, Tor-Einar Holvik Skinlo, om i finansutvalet torsdag.

    Rådmann Ellen Njøs Lillesvangstu vil ikkje seie til Grafen kva eining det gjeld eller kor store beløp det dreier seg om. Det vil heller ikkje Magne Straumstein, som for tida fungerer som lensmann i Sogndal.

    Les også: Kommunelege i Sogndal brukte narkotika 

    Einingane som ligg under «helse og omsorg» er legekontoret, tildelar- og koordineringskontor, sjukeheimane, heimetenesta, bu- og miljøtenesta, ergo, fysio og frisklivsentralen.

    I følgje Skinlo er to ulike forhold meld til politiet. Grafen har begjært innsyn i dokumenta, som etter offentleglova er offentlege dokument. Kommunen har på publiseringstidspunktet ikkje svart.

    Les også: Bergens Tidende om Sogndal Ap: – Venegjeng og politisk amatørskap!

    Har du tips eller informasjon? Send desse til tips@grafen.media eller anonymt i skjemaet her.

    Del artiklane våre med venene dine på sosiale medier.


    Del artiklane våre med venene dine på sosiale medier.


    Del artiklane våre med venene dine på sosiale medier.


    Del artiklane våre med venene dine på sosiale medier.