Professor: – Det frie ordet og retten til å publisere ubehagelege og maktkritiske sanningar står på spel


— Det er eit enormt skummelt scenario, der ei spionasjelov frå 1917 kan trumfe det såkalla førstetillegget, first amendment, som gjer pressefridom til eit absolutt prinsipp i den amerikanske grunnlova, sa professor ved Universitetet i Bergen (UiB), Gisle Selnes, i kommentar til nettstaden khrono.

Les også: Uro over ytringsfridom i USA

Saka dreier seg om journalisten og WikiLeaks-grunnleggjaren Julian Assange som dei neste vekene sit i tiltaleboksen i Old Bailey i London. WikiLeaks og Assange vart verdskjend i 2010 då dei publiserte dokument som viste amerikanske krigsforbrytelsar i Irak og Afghanistan. Blant anna vart journalistar frå Reuters drepne av pilotane i eit amerikansk Apache-helikopter.

Etter offentleggjeringa av desse og ei rekkje andre dokument, har amerikanske styresmakter forsøkt få han utlevert. Assange fekk asyl i Ecuadors ambassade i Storbritannia der han sat sju år. Etter regjeringsskifte i Ecuador i 2019 vart asylet trekt attende, og britisk politi henta han ut frå ambassaden. Assange har sidan då vore fengsla med full isolasjon i det berykta Belmarsh-fengselet.

Dersom amerikanske styresmakter skulle vinna fram med kravet om utlevering, risikerer han 175 års fengsel for å ha publisert dokumentasjon som viser at amerikanske styresmakter står bak grove krigsforbrytelsar.

Selnes seier til khrono at ein i verste fall sjå for seg at både journalistar og akademikarar som publiserer «farleg» maktkritikk kan bli trua med sanksjonar frå amerikansk rettsvesen om han blir dømd.

Han meiner det blir meir vanskeleg og meir risikabelt å arbeide med brennbare tema som har med USA å gjere.

Les også: Når skal vi forstå alvoret?

Selnes er professor ved Universitetet i Bergen og er ein av den som har engasjert seg sterkast for Assanges sak i det norske ordskiftet. Han har kritisert journalistar og media for å fordreie og teie saka mot Assange i hel, og slik gå amerikansk etterretnings ærend.

Hans kollega, Frode Helmich Pedersen, seier at målet med arrestasjonen og utleveringsstrusselen er å skremme alle frå å avsløre løyndomar makta ikkje vil du skal avsløre, med henvisning til stormaktene.

Forstår at folk går lei

Selnes seier han har forståing for at folk går lei fordi det har komme mykje informasjon over lang tid. Derimot finst det mykje dokumentasjon på det skitne spelet som har gått føre seg i denne saka, og han oppmodar folk å setje seg inn i den.

– Saka ikkje handlar om Assange er ein utriveleg fyr eller ikkje. Det viktigaste er å tenke prinsipielt, seier han.