Steigan utfordra Egeberg i Faktisk til journalistisk holmgang – får ikkje svar


NRK ville invitere Kristoffer Egeberg frå Faktisk.no og Pål Steigan frå Steigan.no til å diskutere det at Faktisk har stempla ein artikkel «heilt feil». Steigan sa ja til å delta i NRK. Egeberg og Faktisk svarte aldri. Grafen har også forsøkt få kontakt med Egeberg, men han svarer ikkje.

Les også: Sjå brevet Faktisk.no ikkje vil publisere

Faktisk.no er ein nettstad som er dreve av Kristoffer Egeberg som starta den etter at Hillary Clinton tapte valet i USA i 2016. Dette innrømte Egeberg i eit intervju med VG den gang. Nettstaden har fått mykje kritikk fordi dei kan driva sensur på Facebook.

Det var i mai Faktisk.no publisert ein kommentar til ein artikkel på Steigan.no om at Bill & Melinda Gates-stiftinga [av Microsoft-grunnleggjaren Bill Gates, red. anm.] har ein kontrollerande funksjon i fire globale vaksineorganisasjonar vert avvist som «faktisk heilt feil».

Kommentaren frå Faktisk.no har medført at Steigan.no-artikkelen vert feilaktig sensurert med eit filter på Facebook. Egeberg som står bak Faktisk.no vil ikkje diskutere dette.

Les også: Faktisk.no er ikkje eit nøytralt faktasjekkingsorgan

– Faktisk.no bør bør betraktast som eit konsulentselskap eller likande

Nettstaden Faktisk.no identifiserer seg som «faktasjekkar», men ikkje alltid held fakasjekken deira mål. Ofte tolkar dei innhaldet på ein måte som passer dei sjølv, vrir og vender, og ser vekk frå fagleg tunge argument og analysar.

Steigan skriv at det er uhøyrt i norsk presse at eit medlem av Redaktørforeningen som også har medlemmar i Journalistlaget opptrer som leverandør av sensurgrunngjevnader.

– Vi vil hevde at Faktisk.no ikkje bør betraktast som eit presseorgan, men som eit konsulentselskap eller likande seier Steigan i kommentar til eiga nettavis.

Han meiner det også er svært betenkeleg at Faktisk.no opererer med det som må kallast svartelister over enkeltpersonar, fritt tilgjenge for einkvar på nettet.

– Dette bør vera i strid med norsk lov og med god presseskikk, seier han.

For å belyse desse spørmsåla har Steigan invitert Egeberg og gir han muligheit til å svare på kritikken i eit opent møte i Oslo. Steigan vil gjerne betale kostnadane inklusive honorar til ein nøytral og respektert møteleiar.

Pressegeneral Arne Jensen i Norsk Redaktørforening seier i kommentar til Grafen at han er tilhengar av at redaktørar forklarar sine publisistiske valg.

– Men kva avveininger den enkelte redaktør gjer i den enkelte sak ikkje har hans bord, legg han til.

Grafen har spurt om Jensen kunne tenkt seg å vere ordstyrar i ein slik debatt.

Dette takka Jensen høfleg nei til med grunngjevinga at Egeberg er medlem hjå dei. Han meiner det ville vere uryddig å opptre som ordstyrar der dei same redaktørane skal kritiserast.