Faktisk.no er ikkje eit nøytralt faktasjekkingsorgan


– Det var negative utsegn om asylsøkjarar, innvandrarar og muslimar, kritikk av EU og andre former for internasjonalt samarbeid, positive framstillingar av Framstegspartiet, negative haldningar til likestilling og såkalla klimefornektelse som vart «faktasjekka», skriv historikar Bjørn Nistad i kommentar til Resett.

Faktisk.no går heller ikkje av vegen for å utbreie grovt forvridde framstillingar av verkelegheita.

– Om Faktisk.no ikkje klarte å bevisa eller sannsynleggjera at noko nettstaden mislikte var direkte feil, erklærte «faktasjekkarane» at det var uklart, samansett eller komplisert, skriv han, med henvisning til saka om gratis førarkort for flykningar:

«For det første gjer granskarane i Faktisk.no kva dei kan for å gjera saka vanskeleg og å forvirre publikum. Dei skriv at saka er komplisert sidan det er uklart kor vidt påstanden om gratis førarkort for flyktningar gjeld heile Noreg eller berre einskilde kommunar. Og dei gjer eit poeng ut av at historien om gratis førarkort for flykningar delvis er ei framskriving – politikarar kan ha vedteke eller føreslege å betale for at flyktningar skal kunne ta førarkort, men det er ikkje sikkert at kommunen vil bruke pengane sine på dette føremålet»

«Dernest gjer granskarane i Faktisk.no kva dei kan for å diskreditere truvderdigheita til dei som står bak historia»

Tek mannen i staden for ballen

Nistad viser til at Faktisk.no går etter mannen i staden for ballen: altså går på person i staden for å faktasjekke sak.

Eit nyleg døme var at Faktisk.no saumfór initiativtakaren til ei Facebook-gruppe og det støttespelarane hans hadde uttalt seg om offentleg fleire år tilbake i tid, for å så klistre negative merkelappar på desse.

I følgje Nistad er bodskapen klar: om du utfordrar den liberal-globalistiske eliten sitt hegemoni og politiske prosjekt, må du rekne med at alt du har gjort eller sagt offentleg vil bli spora opp og utlagt på ein så negativ måte som mogleg.