Sjå brevet Faktisk.no ikkje vil publisere


Kommentaren frå Faktisk.no har den heilt grunnleggjande feilen at den etterprøver noko heilt anna enn det Steigan.no-artikkelen og tilsvar omhandlar, skriv Stian Hultin Oddbjørnsen i Kluge advokatfirma.

Faktisk.no er ein nettstad som er dreve av Kristoffer Egeberg som starta den etter at Hillary Clinton tapte valet i USA i 2016. Dette innrømte Egeberg i eit intervju med VG den gang. Nettstaden har fått mykje kritikk fordi dei kan driva sensur på Facebook.

Det var i mai Faktisk.no publisert ein kommentar til ein artikkel på Steigan.no om at Bill & Melinda Gates-stiftinga [av Microsoft-grunnleggjaren Bill Gates, red. anm.] har ein kontrollerande funksjon i fire globale vaksineorganisasjonar vert avvist som «faktisk heilt feil».

Kommentaren frå Faktisk.no har medført at Steigan.no-artikkelen vert feilaktig sensurert med eit filter på Facebook.

Les også: Faktisk.no er ikkje eit nøytralt faktasjekkingsorgan

Oddbjørnsen skriv at Faktisk.no sin konklusjon om at noko er «heilt feil» er basert på ein eigenkonstruert og reint «formell definisjon av kontrollerande posisjon», som i liten grad tek i betraktning realitetane bak korleis makt og kontroll faktisk oppstår og artar seg i samfunnet.

Dette med henvisning til at Faktisk.no-kommentaren blandar inn røyster i styrer eller generalforsamlingar og prøver henvise til norske reglar for ålmenta innan selskapsrett når dei definerer kontrollerande posisjonar som «fakta». Oddbjørnsen skriv at dette er ei høgst upresis formulering.

Advokaten skriv også at det er ingenting i kommentaren til Faktisk.no som motbeviser det Steigan.no skriv i sine artiklar, og at Faktisk.no må gjerne vera ueinig politisk eller ha andre synspunkt om maktstrukturar i samfunnet, men at det ikkje kan dekkast til som «faktasjekk».

Les også: Faktisk.no vart skipa med bakgrunn i det amerikanske valet

Grafen har spurt Faktisk.no om dei vil publisere brevet frå Kluge på nettstaden sin. Dette vil dei ikkje, og heller ikkje grunngje kvifor. Les heile brevet her.