Hadde du planar om å reise til Kanariøyane for å slappe av med pils og sigarett i hendene, må du gjere det utanfor offentleg stad.
I dag har styresmaktene innført forbod mot røyking i heile Galicia-regionen og Kanariøyane. Dette for å hindre spreiing av COVID-19.
Les også: Ordre på 1 milliard dosar: Instituttet bak Ebola-vaksinen utvikla verdas første COVID-19 vaksine
Tryggleiksavstand på to meter
Forbodet gjeld på alle offentlege områder, inkludert barar og restaurantar, der ein tryggleiksavstand på to meter mellom folk ikkje kan overhaldast.
Styresmaktene grunngjev forbodet med auka risiko for spreiing av COVID-19 for røykarar sidan dei må fjerne munnbundet og har repetitiv kontakt mellom fingrar og munn, samt auka fare for dropesmitte ved utblåsing eller hosting.
Galicia er den første regionen i Spania som innfører forbodet, men fleire lokale styresmakter vurderer fortløpande liknande tiltak. Fleire organisasjonar meiner at Spania må innføre nasjonalt forbod mot røyking på offentleg stad under pandemien.
Les også: Steigan: – Fascismen kan innførast som eit helsedekret
Spania var eit av dei hardast råka landa i Europa med nær 400 000 tilfeller av COVID-19 og over 29 000 dødsfall.