Steigan: – Fascismen kan innførast som eit helsedekret


Steigan skriv frå Italia at dei lever i unntakstilstand, og at tilstanden truleg er naudsynt fordi erfaringane frå Kina seier at dess fortare ein får isolert sjukdommen og hindra spreiing, dess fortare får ein kontroll over epidemien.

Karantenebestemmelsane, som også er innført i Noreg, stenger nesten alt: reiser, skular og barnehagar, underhaldning og arrangement. Kjøpesenter er fortsatt opne i Noreg, men ein bør pårekne stenging av desse også.

Steigan har reflektert over mulige scenario og utviklingar.

Sett at nokon skulle ønskje å tvinga eit land i kne, kva slags virus burde dei då setja ut?

Han viser til at USA har laboratorium som forskar på langt styggere saker enn korona. Pentagon har laboratorium i meir enn 25 land – dei fleste i Afrika og Asia.

Tilbake i 2018 avslørte den bulgarske gravejournalisten Dilyana Gaytandzhieva at diplomatar frå USA brukar diplomatsendingar til å smugla frossent menneskeblod, samt bakteriar og virus for eit hemmleg amerikansk militærprogram. Dokumenta kom frå innsidekontaktar i Tiblisi. Sjå dokumentarfilm som vart sendt av TV-stasjonen Al Mayadeen i Libanon.

Steigan meiner at basert på epidemien og frykten for epidemien kan ein ta fullstendig kontroll over alle samfunnsfunksjonar, og forby folk å bevege seg.

«Det trengs ikkje tanks i gatene, det treng ikkje bombing og massiv nedslakting. Du kan fengsle kven du vil «for brot på karantenebestemmelsane» utan lov og dom. Det einaste som trengs er eit passande dødleg virus, og ikkje ein gang altfor dødleg. Noko meir enn vanleg influensa, men milevis frå spanskesjuka».