USA TIL TOPPEN: Trump greidde ikkje handtere COVID-19-pandemien. Landet toppar listene med tal smitta (Inntil 65 000 nye kvar dag) og flest dødsfall. Amerikanarar med låg inntekt vert dumpa i massegraver, som på Hart Island i New York. Foto: Shealah Craighead.

Russlands president, Vladimir Putin, fortalte på ein pressekonferanse tysdag at landets helseministar har godkjent verdas første COVID-19 vaksine – og at hans eiga dotter har teke den.

COVID-19 vaksinen er utvikla ved Gamalejainstituttet for epidemiologi og mikrobiologi i Moskva.

Instituttet er kjent for å ha utvikla verdas einaste godkjente Ebola-vaksine, som vart utprøvd under Guinea-utbrotet som herja i 2016.

Arbeidet med korona-vaksinen byrja våren 2020 med adenovirus [ei gruppe virus som trivst på slimhinnene, red. anm.] som berar. Det er Russlands statlege nasjonale fond som finansierer utviklinga.

Vaksina har så langt gått gjennom to fasar. Den første fasen vart sluttført i juni, og den andre i august. Den tredje fasen byrjar 12. august og inkluderer meir enn 2000 personar i Russland, eit antal i Midt-Austen (Emiratane og Saudi Arabia) og Latin Amerika (Brasil og Mexico).

Ordre på 1 milliard dosar

Så langt har 20 land fra Latin Amerika, Midt-Austen og Asia sendt ordre på dosar med COVID-19 vaksinen til Gamalejainstituttet. Totalt dreier det seg om ein milliard dosar.

– Saman med våre utanlandske partnarar kan vi produsere meir enn 500 millionar dosar årleg, seier leiar for investeringsfondet, Kirill Dmitriev.

Alle dosane produsert i Russland vil bli nytta der, medan dosar for andre land vert produsert i utlandet.

Investeringsfondet arbeidar også med eit program for utviklingsland, slik at vaksinen vert tilgjenge for land som ikkje kan kjøpe den eller produsere sjølv.

Dmitriev seier at vaksine er eit problem for dei fattigaste landa i verda.

– Folk skal ha lik tilgang til vaksine uavhengig deira finansielle situasjon, seier han.

Vaksinen har fått namnet ‘Sputnik V‘, og har allereie eiga nettside. Sjølv om vaksina er registrert og godkjent, vil den fortsatt halde fram med kliniske testar i lang tid framover.


Del artiklane våre med venene dine på sosiale medier.


Del artiklane våre med venene dine på sosiale medier.


Del artiklane våre med venene dine på sosiale medier.


Del artiklane våre med venene dine på sosiale medier.