Kraftkrise i Sverige – Rullerande straumutkopling og «blackout» i Europa blir vanleg


Ei 420 kV kraftlinje med transformatorstasjonar på Hagafjellet i Sogndal. Planen med linja er å eksportere kraft til Europa. Foto: Grafen.

Sverige har vedteke å leggje ned kjerne- og oljekraftverk, men no i sommar måtte dei starte anlegga for fullt. Årsaka er energikrise som følgje satsing på mellom anna den ustabile energikjelda vindkraft.

E24 skreiv nyleg at straumprisen i Sør- og Midt-Sverige kunne bli 55 ganger høgare enn i Noreg. Årsaka er store begrensingar i overføringskapasitet frå Sør-Noreg til Sverige, i følgje analytikar Markus Herranen.

Krevde 300 millionar kroner for å starte kjernekraftverket

Svenska Kraftnät måtte betale store beløp for å setje i gang att kjernekraftverket Ringhals 1. Dei krevde 300 millionar kroner for å gjere dette. Dei seks reaktorane går på ein tredjedel av den installerte kapasiteten.

Les også: Vindpark: Dette gjer situasjonen for Guleslettene spesiell

Sidan 2003 har svenske straumkundar betalt over 50 milliardar skattekroner for såkalla elsertifikat og investert 90 milliardar kroner i svensk vindkraft. Rundt 10 milliardar kroner er allereie tapt i avskrivingar, og vindparkane har mykje kortare levetid enn først rekna med.

Mangel på kraftkapasitet fører til færre nyinvesteringar

I Uppsala, Stockholm, Malmö og Mälardalen vert situasjonen omtalt som «akutt». Dette skriv magasinet fplus.se som har granska elektrisitetkrisa i Sverige.

I eit studie bestilt av svenske industriføretak vil kapasitetsbristen påføre samfunnet og den svenske industrien nær 150 milliardar kroner i tapte investeringar årleg.

Les også: Jusprofesssor om gamle vindturbinar: – grunneigar har eit «forureiningsansvar»

– Det handlar for eksempel om at Sverige mistar investeringar og arbeidsplassar når datasenter og andre industrietableringar vert plassert i andre land sidan Sverige ikkje kan tilby tilkoping til kraftnettet innan rimeleg tid, sa Mats Wang-Hansen på Pöyry som var prosjektleiar for studiet.

Steigan.no viser også til aukande rullerande straumutkopling og «blackout» i Europa som følgje feilslått energipolitikk sidan den er ideologisk styrt:

I Belgia er det dømevis innført rullerande straumutkopling der stramforsyninga til husstandar vert kopla ut tre timar i døgnet og sløkte lys på motorvegane.

Dette betyr at europeiske kraftkundar snart møter verkelegheita.