Faktisk.no vart skipa med bakgrunn i det amerikanske valet


Nyleg avslutta spesialetterforskar Robert Mueller ved amerikanske FBI sine undersøkingar om påstått russisk innblanding i presidentvalet 2016.

Påstanden om russisk innblanding har fått stor betydning for internasjonal politikk dei siste åra. Den har ført til fleire sanksjonar mot Russland og skada økonomien i mange land, også USAs allierte.

Etterforskinga til Mueller har derimot ikkje funne noko som støttar hovudpåstanden, og dermed fell det heile saman.

Den omdiskuterte påstanden oppstod dagen etter at Hillary Clinton tapte valet. Steigan.no viser til strategien valkampteamet spikra 24 timar etter innrømmelsen av nederlaget:

«I Brooklyn samla teamet hennar seg om ideen om at russisk hacking var den store urapporterte hendinga i kampanjen, som vart overskygga av historiane om stjålen e-post og dei pinlige episodene omkring Hillarys eigen private server»

Steigan.no skriv at norske medier med NRK i spissen står bak mykje av propagandaen om Russlands påståtte innblanding, og det har ikkje vore gjeve rom for kritiske røyster. Han legg til at Muellers konklusjon er ein knusande dom over ukritiske medier som let seg bruka i eit skittent politisk spel.

– Faktisk.no vart skipa med bakgrunn i det amerikanske valet

Faktisk.no vart skipa av VG, NRK og Dagbladet i 2017. Det eit uttalt mål om å «bekjempe falske nyhende, som respons på USA-valet». Det skreiv ein kommentator i Bergens Tidende 18. juli 2017, to veker etter lanseringa.

Kommentatoren meinte også at «Russerne ønsker å undergrave tilliten til demokratiet og destabilisere vestlige stater, og har gjennomført tilsvarende aktiviteter flere steder i Europa.»

Doktor i russisk historie, Bjørn Nistad, sa i kommentar til Resett.no at Faktisk.no hevdar sjølv å vera eit uavhengig og nøytalt organ som bekjempar spreiing av løgn og usanningar og dermed bidreg til ein betre samfunnsdebatt, men:

– I verkelegheita er Faktisk.no eit løgn- og propagandaorgan som ikkje går av vegen for å utbreie grovt forvridde framstillingar av verkelegheita, skriv Nistad.

Han viser til mellom anna oppslaget «Flyktninger kan få betalt deler av førerkortet» som vart publisert 18. oktober 2018:

– For det første gjer granskarane i Faktisk.no kva dei kan for å gjera saka vanskeleg og å forvirre publikum. Dei skriv at saka er komplisert sidan det er uklart kor vidt påstanden om gratis førarkort for flyktningar gjeld heile Noreg eller berre einskilde kommunar. Og dei gjer eit poeng ut av at historien om gratis førarkort for flykningar delvis er ei framskriving – politikarar kan ha vedteke eller føreslege å betale for at flyktningar skal kunne ta førarkort, men det er ikkje sikkert at kommunen vil bruke pengane sine på dette føremålet.

– Dernest gjer granskarane i Faktisk.no kva dei kan for å diskreditere truvderdigheita til dei som står bak historia.