To etterforskningsleiarar i Kripos tiltalte av Riksadvokaten


Etterforskningsleiarane i Kripos, Tor Kjetil Kallmyr (49) og Øystein Jørgensen (51), er tiltalt av Riksadvokaten for grovt brot på tenesteplikta.

Saka går for Kristiansand tingrett denne veka.

Dei to skal ha brote lova då ein drapssikta 15-åring vart avhørd uten forsvarar. Avhøret vart gjort i forbindelse med dobbeltdrapet på Lund i Kristiansand i 2016.

Les også: Lensmann utnytta 25 år yngre kvinne – no er han dømd

Guten tilstod drapet på ein jamaldra gut og ei 48 år gammal kvinne, og vart dømd til 11 års fengsel. Forsvararen til guten var ikkje til stades då han tilstod drapa. Dette vil Riksadvokaten tiltale Kallmyr og Jørgensen for.

Kva påstand som vert lagt ned vil ikkje Riksadvokaten seie noko om.

Les også: Dommar i Oslo tingrett lasta ned barneporno i arbeidstida

Det var gutens forsvarar, Svein Kjetil Stallemo, som leverte inn anmeldelse på etterforskarane i juli 2017.