WikiLeaks-redaktør Kristinn Hrafnsson: – Assange er i livsfare!


PLAKAT: Assange til fengsel for å ha publisert informasjon om politisk korrupsjon og krigsforbrytelsar begått av amerikanske styresmakter. Plakatane i Storbritannia har hashtaggane #DefendWikiLeaks, #NoWitnessTorture og #FreeAssangeNOW. Foto:
Hogre/CC BY 2.0.

Forholda i Belmarsh-fengselet der journalisten Julian Assange vert helden har forverra seg, og er langt verre enn det styresmaktene vil innrømme, seier den islandske WikiLeaks-redaktøren Kristinn Hrafnsson.

Les også: Svensk politiinspektør fabrikkerte bevis mot Julian Assange 

Miljøet i fengselet er som ei petriskål for eit virus, seier Hrafnsson til RT, og forklarer at koronaviruset har smitta over ein million mennesker verda over.

Belmarsh er eit høgrisikofengsel, der journalisten er helden i påvente utlevering til USA for å ha publisert informasjon om mellom anna amerikanske krigsforbrytelsar. Nyleg var det eit koronadødsfall i fengselet, og det er uklart om fleire andre er smitta.

– Det er ein klassisk strategi å skyte bodbringaren for å få merksemda vekk frå den ubehagelege bodskapen, skreiv sjefredaktør i Nettavisen, Gunnar Stavrum, om arrestasjonen.

Jussveteran og korrupsjonsjeger Eva Joly meiner arrestasjonen er angrep på presse- og ytringsfridom, og vil at mediene må stå opp for han:

– Om vi ikkje forstår at dette handlar om å verne pressefridom, då forstår vi heller ikkje at det er Assange i dag og oss andre i morgon, seier Joly til Klassekampen.

Les også: Nettavisens sjefredaktør: Eit skammeleg angrep på fri journalistikk

Det har lenge vore kjent at helsetilstanden hans er forverra. Sidan 2010 fekk han asyl og sat i Ecaudors ambassade, der han sat til 2019, då den nye presidenten i Ecuador trakk tilbake asylet. Han vart då arrestert av britisk politi inne i ambassaden.

Advokatane til journalisten har ikkje fått snakke med eller møte han på fleire månader. Dei får ikkje møte han fysisk i fengselet, og får heller ikkje snakke med han på video, seier Hrafnsson, og kallar det ein skandale.

https://twitter.com/AssangeScotland/status/1246814536503627778