FN: Politiet i Sverige fabrikkerte bevis mot Julian Assange


FNs spesialrapportør for tortur seier at det svenske rettssystemet fabrikkerte bevis mot journalisten og WikiLeaks-grunnleggjaren Julian Assange, for å forsøkje få han dømd for seksuallovbrot han ikkje hadde gjort, og vidare utlevert til USA.

Ein av e-postane som har lekt ut på Internett viser korleis den britiske påtalemakta pressar påtalemakta i Sverige, og at aktoren i saka ikkje må få «kalde føtter» på grunn av spørsmål frå journalistar.

I november i fjor henla påtalemakta valdtektssaken mot Julian Assange fordi det ikkje var bevis. Det skjedde etter at Assange vart pågripen av britiske styresmakter.

Politiet fabrikkerte bevis

I e-postkorrespondansen som FNs spesialrapportør har lagt fram kan ein lese at politiinspektør Mats Gehlin gav ordre om å forfalske ein uttale av eit påstått offer.

Den norske juristen Fredrik Heffermehl skriv at slike overtramp betyr at middelalderen er tilbake, og med haldningar som undergrev demokrati, rettstryggleik og respekten for menneskerettane.

Les også: Nettavisens sjefredaktør: Eit skammeleg angrep på fri journalistikk