(Foto: <a href="https://www.flickr.com/photos/hagengraf/6271571070/in/photolist-aycrzG-9coyEw-9coBCL-9ckvoc-9jfxn9-8PR7VP-8XecHa-8pxtkv-8YxZCG-93gBvv-zoU5ZP-fwVbxJ-a1dpmj-bysZQs-9mYvd8-hMoQCn-8X1xkA-8XcpcX-8XfgQj-aCBxQQ-99t6qN-MCmAse-8WXQXQ-9cowWG-9d2ie6-cGpVns-fjaMiQ-cGqyyq-cGqd49-cGA6Bs-99NzNo-cGqQpG-cGpK3w-cGpKcu-9d5orJ-9d5oVC-994noR-958LMn-mFRXsr-8ZxAjF-99DvGY-8WUUXf-9onsGc-93vMnL-ambeFk-LfzgWb-9ygtfx-9dgUMa-mFRXua-954QDM">Christine und Hagen Graf</a>/<a href="https://creativecommons.org/licenses/by/2.0/">CC BY 2.0</a>.)
– Det viktige med WikiLeaks er ikkje mulige feil i publiseringa, men dei graverande og hemmelege forholda som vart avslørt. Det er ein klassisk strategi å skyte bodbringaren for å få merksemda vekk frå den ubehagelege bodskapen, skriv sjefredaktør i Nettavisen, Gunnar Stavrum.
Han gjev støtte til professor emeritus Rune Ottosen, som er nestleiar i norske PEN og sluttar seg til kravet om å hindre utlevering av Assange frå Storbritannia til USA, der han risikerer 175 år i fengsel.
Nettavisa Steigan skriv at det er grunn til å merke seg at Stavrum av alle her tek prinsipiell stilling for ytringsfridom og pressefridom, i motsetnad til Harald Stanghelle i Aftenposten, som nytta anledinga til å gå til bakholdsangrep på Assange.
Les også: Arrestasjonen av Julian Assange er ein hevnaksjon frå USAs regjering
Omdefinerer menneske og slik ta frå dei rettar
I følgje Stavrum er tiltalen mot Assange oppsiktsvekkjande fordi den ikkje berre går på medverknad til lovbrot for å ha skaffa dokumenta, men også for publisering. Det amerikanske justisdepartementet nektar for at det er innskrenking av ytringsfridom fordi Assange etter deira meining ikkje er journalist.
Ein lesar skriv i kommentarfeltet til Resett at «det er ein lang og vond tradisjon for å omdefinere menneske og slik ta frå dei rettar». Frå Hitlers «untermensch» til Bush «ulovleg stridande, og vidare til Clintons «basket of deplorables».
– Alle bør ha interesse av at grupper og enkeltmenneske ikkje vert dehumanisert eller omdefinert for å grunngje å handsame dei dårlegare enn det som rett er, skriv han.
New York Times har også gjort stort oppslag om saka:
Jameel Jaffer ved Columbia University seier i kommentar til avisa at anklagene går direkte på handlingar som undersøkjande journalistar gjer kvar einaste dag, og er eit frontalangrep på pressefridommen.

