Gjer deg klar for olje på 20 dollar og auke i gullprisen


Resesjonen kjem og verdsøkonomien slepp ikkje frå den, seier finansmagnaten Roberto d’Ambrosio i Axiory Global til RT. Han seier at etterspurnaden vil stoppe heilt opp fordi økonomien vert stengt ned verda over.

Les også: Oljepriskrigen: Køyrer mot kvarandre og håpar den andre styrer unna

Han seier at alle næringar vert påverka:

– Næringane vert treft og stengt, og den globale etterspurnaden vil gå enno lenger ned fordi folk står utan arbeid, og det er verken kapasitet for eller etterspurnad etter varer.

I følgje økonomen har finansmarknaden vorte rusta opp på feil måte som følgje den ekspansive politikken til sentralbankar i Europa, og særleg i USA.

Når vi snakkar om olje, seier d’Ambrosio at prisen vil vera under sterkt press fordi det er liten etterspurnad etter den, sjølv i stormakter som Kina, som er verdas største importør av olje.

Les også: Oljepriskrigen kan øydelegge USAs oljeskiferindustri 

– Kina har no byrja reise seg tilbake til normalen etter koronavirus, og difor vil det vera eit heftig trykk på oljeprisen. Eg trur den fell mykje meir, ned til $20 fatet, seier d’Ambrosio. Han meiner vidare gull aukar i verdi att.

I dag var oljeprisen 25 dollar fatet. Rystad-analytiker Louise Dickson sa til E24 at dette er ei «atombombe for oljemarknadane». Rystad Energy trur prisen skal vidare ned.

Også Goldman Sachs trur oljeprisen vil liggja på eller under 20 dollar fatet frå andre kvartal [frå 1. april, red. anm.], noko som er den lågaste prisen på 18 år.