Jusprofesssor om gamle vindturbinar: – grunneigar har eit «forureiningsansvar»


Det var Hildegunn Vederhus som skreiv eit lesarinnlegg i Porten om at kostnadene ved å fjerne gamle vindturbinar kan føra til ruin for grunneigarar:

«Det som skjer på grunneigars eigendom, er etter lova grunneigars ansvar. Må grunneigar bere opprydningskosten dersom investorar i kraftselskapa trekkjer seg ut, slår industrianlegget konkurs og forlet turbinar og naturområdet til kråkene? spør Hildegunn Vederhus om opprydding etter vindkraftverk i innlegget.»

Grafen har spurt jusprofesssor Hans Fredrik Marthinussen ved Universitetet i Bergen om ansvar og kva grunneigar eventuelt kan gjere for å sikre seg, som ved å opprette eit aksjeselskap og overføra grunnen der.

Grunneigar eller skattebetalarane kan sitje att med rekninga

– No vil eg tru at det er mulig å få overteke ein vindpark etter ein konkurs, sidan ein då ikkje treng overta gjelda knytt til den, seier Marthinussen.

Han har vondt for å sjå føre seg at ein vindpark vert heilt verdilaus:

– Det kan sjølvsagt tenkast at ein har forsømt vedlikehald i lang tid og at vindmøllene i realiteten er skrap og at verdien på «skrapet» ikkje overstig kostnadane med demontering og fjerning.

I så fall kan det vel tenkast at ingen vil ta ansvar, og eg trur at grunneigar i så fall har eit «forureiningsansvar», seier han.

Kan overføra risiko til aksjeselskap

Marthinussen seier at ein i prinsippet kan overføre eigedomen til eit aksjeselskap og beskytte seg, men ein må først få frådelt den aktuelle eigedomen.

– Då endar vel staten opp med ansvaret til slutt.

Les også: Dette gjer situasjonen for Guleslettene spesiell

Les også: Skattejurist Berg-Rolness om vindparkane og skatteplanlegging: – Må til ei omfattende regelverksutvikling


Privacy Overview

This website uses cookies so that we can provide you with the best user experience possible. Cookie information is stored in your browser and performs functions such as recognising you when you return to our website and helping our team to understand which sections of the website you find most interesting and useful.