Her er «Dark Room»-politimannen


Politibetjent Rune Marheim (56) er tiltalt for å ha lest tekstar som inneheld framstillingar av seksuell omgang mellom barn og vaksne. Han vart knepen i overskotsmateriale frå den såkalla «Dark Room»-saken, som var nokre år tilbake.

Våren 2017 vedtok han førelegg for det same, men no har etterforskinga funne meir. Han må difor møte i Bergen Tingrett i juni månad. Han har enno ikkje fått oppnemnd forsvarar til saka.

Politiadvokat Ståle Eskeland har i kommentar til BT sagt at ny etterforskning har avdekt nytt materiale i forhold til det som var grunnlaget for førelegget han vedtok.

I følgje tiltalen:

(…) logget han seg inn på nettstedet sexhistorier.se hvor han ved gjentatte anledninger leste tekster som innholdt fremstillinger av seksuell omgang mellom mindreårige barn og seksuell omgang mellom voksne og mindreårige barn, samt grov seksualisert vold mot spedbarn.

Les også: La lok på «Dark Room»-saken

Grafen omtalte saka tidlegare og har fått innsyn i dokument frå suspensjon og vedtak om avskjed. Vedtaka klaga Marheim inn for Politidirektoratet, og saka er enno ikkje er handsama der.

I følgje BT er han no tilbake i jobb hjå bergenspolitiet, med grunngjevinga at ei vidare forlenging av suspensjon vil vera ei «uforholdsmessig belastning».

I følgje dokument Grafen har innsyn i arbeida han ei tid ved operasjonssentralen (FOE) i 2015, og tidlegare i Utrykningspolitiet og som etterretningspatrulje.

Den 21. november 2016 vart han suspendert frå stilling politibetjent 3, som er den høgste grada for politibetjentar.

Forsøkte leggja lok på saka

Grafen har opplevd enrom trenering og forsøk på hemmeleghald i denne saka, og andre saker der tilsette i politiet er invovlert. Redaksjonen har kverna nesten eitt år på innsyn i dokument. Til samanlikning sendte påtalemakta tiltalen til pakistanarane som brann ned hotellet i Selje på e-post same dag.

Grafen har sett overvekt av UP-betjentar som lastar ned barnepornografi. Kva som er årsaka til dette er usikkert. Fleire avdanka UP-betjentar skal i følge kjelder vera tilsett i PST.

Her er ei knipe saker siste året:

 

Har du tillit til politiet?