Spesialeininga for politisaker har tiltalt Arnt Erik Brattås (51) for seksuell omgang med eit informantvitne, og for sal av narkotika og anabole steroid. Grafen har tidlegare omtalt saka.

Kjelder har fortalt Grafen at informantvitnet var tidlegare modell og strippar, og det er denne kvinna Brattås har utnytta seksuelt. 

Les også: Politibetjenten Zlatko Batarilo brukte politiet sitt register til ulovleg snoking

Brattås var leiar for narkotikaseksjonen i Gjøvik. I følgje Resett var han etterforskar, narkotikaansvarleg og informantansvarleg. I følgje tiltalen er han også tiltalt for å påverka vitner.

Grafen vil følgje saka.

Foto: Øyvind Holmstad.