Grafen har søkt innsyn i alle dokument i Sogn Barnevern-saka, og offentleggjerer desse. Ein god del dokument er unnateke offentlegheit, medan andre er «sladda». Dokumenta Grafen har fått syner omfattande konfliktar og gjennomgåande svikt i Sogn Barnevern. Fleire tilsette er sjukemelde på grunn av dårleg arbeidsmiljø. Nokre er fysisk sjuke som følgje dette.
Av opplysningar går det fram at tilsette vert utsett for trakassering eller annan utilbørleg oppførsel av leiinga. Vidare kan nemnast:
- lite tid til opplæring av nytilsette
- fleire etterlyser mangel på rettleiing i samband med saker
- fleire gjev uttrykk for å sitte mykje åleine med tunge saker
- nokre har opplevd avvising frå leiinga etter å ha spurt om hjelp
Langvarig innsynskamp
Innsyn i dokument vart først avslått av Marit Hagevik.
Hagevik, som for tida er «kommunalsjef», har til fast regel å ikkje følgje offentleglova. Alle gangene Grafen har begjært innsyn har det komme eit tøvete avslag. Heretter må ein starta ein langvarig innsynskamp, som går fram og attende Fylkesmannen.
Grafen gjekk bakvegen får å få ut dokument, ved å begjæra dei frå Arbeidstilsynet medan kommunen hadde sett i gang trenering hjå Fylkesmannen. Slik kunne vi få fortgang i prosessen.
Redaktør utsett for polititrakassering
Siste veka i april 2016 vart redaktør av Grafen trakassert av Sondre Teigen Lillebostad ved Sogndal politistasjon. Dette etter at Marit Hagevik hadde ringt der eller på annan måte nytta nettverket sitt. Lillebostad var trugande i oppførsel og la seg opp i innsynsbegjæringar med spørsmål om «kvifor ein ber om innsyn» i dokumenta, «kva dei skal brukast til», og «kvifor ein er interessert i Sogn barnevern».
Grafen oppfattar dette som ei ulovleg handling: politiet har ingenting med innsynsbegjæringar og innsynskrav å gjera. Dette er regulert etter EØS-retten og omfatta av direktiv som Noreg er pålagt å følgja. Handlemåten til Lillebostad viser ei form for organisert korrupsjon og forsøk på å truge journalistar for å hindre at kritikkverdig informasjon kjem fram.
Grafen etterlyser handling frå nasjonale myndigheiter for å hindre at slikt skjer igjen.
Dokument i saka
Grafen har fått tilgang på dokument frå både Fylkesmannen og Arbeidstilsynet. Fylkesmannen i Sogn og Fjordane har sendt ein variant (23,2 MB), medan Arbeidstilsynet sendte ein anna. Som det går fram av dokumenta har Fylkesmannen og Arbeidstilsynet sladda ulikt.
Arbeidstilsynet sine dokument:
- Diverse dokumenter – sladdet
- 20121120 Rapport psykososialt arbeidsmiljø Barn og Unge Sogndal kommune 2012 – 1
- 20131212 Melding om tilsyn
- 20131219 Tilsyn i Sogn Barnevern
- 20140103 Bekreftelse – ny dato for tilsyn
- 20140113 Rapport psykososialt arbeidsmiljø Barn og Unge Sogndal kommune 2012 – 2
- 20140114 Ny kontaktperson for tilsyn sogn barnevern
- 20140218 Tilsyn – lukking av varsel og vedtak om pålegg
- 20140305 Etter møte med tillitsmannsapparatet og vernetenesten er vi samde om at vi tar denne prosessen vidare på følgande måte
- 20140305 Etter møte med tillitsmannsapparatet og vernetenesten er vi samde om at vi tar denne prosessen vidare på følgande måte
- 20140306 Svar på vedtak om palegg
- 20140307 Tilsyn – oppfyllelse av vedtak
- 20140425 Rapport Sogn barnevern
- 20140430 Status og tiltaksplan
- 20141112 Brev Tilsyn Sogn barnevern
- 20141210 Tilsyn – oppfyllelse av vedtak
- 20150115 Plan for 2015 sendt at pr epost 11.02.15
- 20150213 Svar på palegg
- 20151103 Brev om postal inspeksjon
- 20151111 Forespørsel
- 20151116 Søknad om fristutsettelse
- 20151116 Søknad om fristutsettelse
- 20151120 Brev Utsetjing av frist
- 20151207 Tilbakemelding
- 20160108 Tilsynsrapport
- 201402018 Tilleggsopplysninger