Ny serie med spennande saker


Grafen har i lengre tid arbeidd med ein serie saker der tilsette i politiet er involvert i straffbare saker utan å få straff. Av sakene vil ein finna vald i nære relasjonar, køyring i ruspåverka tilstand, nedlasting av barnepornografi, og kjøp av hor.

Grafen har tidlegare skreve om Selje-lensmannen og leiaren av Operasjonssentralen, Kjetil Drange. Drange har fleire ganger vore meld for vald i nære relasjonar, og for eit tilfelle valdtekt. Ei av kvinnene har også omtala han som «farleg». Felles er at alle sakene vert lagt vekk.

Eit halvt år med purring på innsynskrav

Då redaksjonen begjærte innsyn i tiltalen til pakistanarane som brann ned hotellet i Selje, så sendte politiet den på e-post same dag, før lunsj til og med.

Når tilsette i politiet derimot skal under lupa, då stikk dei hovudet i jorda og trenerer innsyn på alle måtar dei kan. Aller først ved å ignorera svar.

Etter at Vest politidistrikt hadde ignorert svar nokre månader, vart det purra på Politidirektoratet. Direktoratet sendte ved ein instruks om korleis innsynskrav skulle handsamast. Heller ikkje denne ville Vest politidistrikt følgja. Dei ignorerte like godt direktoratet, og unnlèt svara.

Først då det vart sendt klage til EFTAs overvakingsorgan ESA, på Vest politidistrikt ved Justisdepartementet, byrja dei svare. Kva som har blitt sagt og gjort på bakrommet veit ein ikkje her. Men etter at ESA var i dialog med departementet har Vest politidistrikt byrja få fingeren ut, og den luktar ikkje godt.

Meld fleire ganger

Kjetil Drange har fleire ganger vorte meld for vald i nære relasjonar, og minst ein gang for valdtekt. Drange har vore lensmann i Selje og leiar ved Operasjonssentralen i Florø (no i Bergen).

Det var den 25. oktober 2017 at Drange vart sikta av ein politiadvokat i Møre og Romsdal for vald i nære relasjonar. To dagar seinare, vart han suspendert. Den 10. november la Jogeir Nogva som er tilsett hjå Statsadvokaten vekk saka.

John Christian Elden som er bistandsadvokat for ei av kvinnene, seier til Grafen her at dei har levert klage på henlegginga:

– Klage er inngitt i rett tid via politiet – det er dei som sender saka vidare til Riksadvokaten via Statsadvokaten, seier Elden.

Kort tid etter at Grafen her gjorde Drange kjent med at Riksadvokaten får saka, byrja han slette innlegg om seg sjølv på Politiets Fellesforbund sin blogg.

Drange var meld for familievald på midten av 2000-talet også. I eit legenotat som er datert dagen etter valdshendinga går det fram at kvinna var utsett for vald, og at det var klar samanheng mellom funna. Den saka vart lagt vekk.

I følgje ein artikkel i Firdaposten 27. oktober 2017 skal politiet også ha lagt vekk ei valdtektssak Drange var mistenkt for å ha gjort mot ein person i nær relasjon.

I følgje eit brev frå advokaten til Drange går det fram at han vart meld den 20. april 2016 for fysisk og psykisk vald av ekskona. Ho skal også ha sagt «han er farleg». Det neste avsnittet i brevet er sensurert.

Voldtektssaken er i brevet sensurert fullstendig.

I ei anna valdshending Drange var involvert i skal sonen ha vore vitne til ein valdsepisode. Sonen var avhøyrd 9. februar 2017. Det står også at Drange vart meld for eit forhold som fann stad i 2005.

I alt har han vore involvert i minst tre alvorlege saker med tre forskjellige kvinner.  Alle sakene har vorte henlagt.

Statsadvokat Jogeir Nogva la vekk den siste saken. Årsaka skal vere «bevisets stilling», noko som slett ikkje er uvanleg når tilsette i politiet er meld.

Nogva, som ser ut til å vere lei av jobben hjå Statsadvokatane, søkte stillinga som tingrettsdommar i Sunnmøre tingrett i januar, men var ikkje tilstrekkeleg kvalifisert for den. Kva andre jobbar Nogva har søkt på veit ikkje magasinet her.

I neste artikkel får du møte lensmannen frå Hyllestad som køyrde bil i ruspåverka tilstand, og øydelagde ein bil for 50 000 kroner. 

Dokument i saka

Dokumenta nedanfor er alt Grafen har greidd få ut etter eit halvt år med purring på innsynsbegjæring. Det manglar store delar dokument, og det som er sendt er for det meste sladda.

Last ned dokument