Familievaldsikta politimann sletta informasjon om seg sjølv


Den familievaldsikta politimannen og tidlegare lensmannen i Selje, Kjetil Drange, har byrja slette informasjon om seg sjølv.

Nettmagasinet kan avsløre at Kjetil Drange som var ivrig bloggar på Politiets Fellesforbund har sletta all informasjon om seg sjølv.

I tillegg har han gått frå å vera «leiar» i Politiets Fellesforbund region vest til «permitert» 2. nestleiar.

Drange er sikta for familievald, og har tidlegare vore meld for vald og valdtekt av to kvinner.

I følgje Vest politidistrikt arbeidar han på noverande tidspunkt ved Operasjonssentralen.

Tidlegare har han arbeidd som lensmann i Selje, og har fleire andre stillingar i politiet. I fjor haust vart han suspendert frå stillinga, men denne supensjonen er no oppheva etter at Statsadvokaten la vekk valdssaka.

John Christian Elden som er bistandsadvokat for ei av kvinnene, seier til nettmagasinet her at dei har levert klage på henlegginga.

– Klage er inngitt i rett tid via politiet – det er dei som sender saka vidare til Riksadvokaten via Statsadvokaten, seier Elden.

No kan det tyda på at Drange har fått kalde føtter, og byrja med massiv sletting av blogginnlegg med bilete av seg sjølv.

Meld for familievald tidlegare

Drange var meld for familievald på midten av 2000-talet også. Då kom det fram i eit legenotat dagen etter valdshendinga at det var klar samanheng mellom funna og det kvinna fortalte. Den saka vart lagt vekk.

Drange seier i ein SMS at saka oppstår i ei barnefordelingssak, og ønskjer ikkje kommentere noko meir av omsyn til sonen sin.

Foto: Skjermdump/PF.no