Grafen advarer mot varsling på arbeidsplassen


Dette er ein redaksjonell kommentar.

Tysdag denne veka kunne Nrk melde om ein sjukepleiar som varsla om kritikkverdige forhold hjå sin no tidlegare arbeidsgjevar, Sunnfjord kommune, og tapte søksmålet i retten.

Med dette måtte sjukepleiaren betale sakskostnader på éin million kroner.

Sjukepleiaren gjekk til sak mot kommunen med krav om erstatning for økonomisk tap og oppreisningserstatning frå arbeidsgjevar etter å ha varsla om det ho meinte var kritikkverdige forhold.

Kollegaer av kvinna, spesialsjukepleiar Gunnlaug Silden, var ein av dei som vitna i retten og kunne fortelje om ein instutisjon med passive sjefar og pasientar som fekk for dårleg stell.

Forklaringa til Silden støtta biletet saksøkjar teikna i retten om ein fryktkultur og rutinar rundt pleie av pasientar i siste livsfase. Spesialsjukepleiaren sa ho fekk sjokk då ho oppdaga døyande pasientar utan stell, noko avisa Firda siterte:

– Ein hadde lege to dagar i senga utan at nokon hadde rørt han. Eg såg terminalpasientar som var svarte og blå i baken, fordi dei berre blei liggande i senga.

Vidare kunne Silden fortelje at det å seie frå vart møtte med straff.

– Dei som sa i frå fekk fleire og tyngre arbeidsoppgåver.

– Vi fekk melding om å ikkje skrive avvik, men ta ting direkte. Når ein rapporterte om ting som ikkje var i orden, så opplevde eg å bli degradert, og få andre oppgåver.

Ho fortalte vidare at ho hadde jobba der i nesten 24 år då ho slutta, fordi ho ikkje lenger orka.

Ikkje ein gang professorar emeritus vil kommentere varslingssaker

Ein professor emeritus er ein professor som er avgått stillinga på grunn av alder, men likevel har tilknytning til universitet. Grafen har spurt fleire slike, og andre, blant anna to som er så gamle dei står med ein fot i grava. I utgangspunktet skulle ikkje dei ha noko å tape ved å ta bladet frå munnen, men.

Begge unngår å svare på spørsmåla Grafen stiller, forsøkjer unngå svare i det heile teke, og til slutt berre seie noko heilt generelt om arbeidsmiljølova, og at det er den tapande part som må betale sakskostander.

Som det er sagt; så kommenterer gjerne professorer andre saker og gjerne raskt – saker innanfor glasstaket eller det politisk korrekte. Her kan ein kommentere og diskutere så mykje ein vil.

Desse spørsmåla stilte Grafen:

– Kan dette oppfattast som ein beskjed frå Staten at folk som varslar om kritikkverdige forhold skal bli gjeldsslavar etterpå?

– Korleis kan slike dommar påverke andre arbeidstakarar som ynskjer varsle om kritikkverdige forhold?

– No er det åtte år sidan medlemsorganisasjonen Politiets fellesforbund åtvara eigne medlemmar mot å varsle. Betyr dette at arbeidstakarar sin varslingsrett og beskyttelse har blitt varig svekka sidan ingenting har skjedd på åtte år?

– Kva må til for at varslarar skal kunne varsle om kritikkverdige forhold? Er vegen å gå berre anonyme varsel? Skriftleg på blanke brev uten avsender? Bør folk varsle anonymt til media i staden for arbeidsgjevar?

Varslarar har ikkje rettsvern

Ein rask kikk på Politiets fellesforbund viser ein artikkel med tittelen «Fortsatt ikke trygt å varsle i norsk politi» publisert i 2022.

Det var heilt tilbake i 2016 at Politiets fellesforbund anbefalte medlemmane sine å avstå frå å varsle. Bakgrunnen for dette vedtaket er alle dei erfaringane organisasjonen hadde gjort knytta til varsling.

I følgje Politiets fellesforbund vart folk sjuke av varslinga, både fysisk og psykisk.

Dei ønskjer ikkje å utsetje medlemmane sine for dette presset, fordi deira tryggleik er det viktigaste.

Grafen har forsøkt få politikarar i tale, blant anna kommunikasjonssjef Kjetil Løset i Framstegspartiet. Løset er imidlertid like taus som grava, sjølv om partiet gjerne kommenterer andre saker.

Tausheiten er elles stor, også innan akademia. Inntrykket Grafen har er at varsling er tabu og er verken lov eller greitt å gjere i Norge. Samtlige rettssaker dei siste åra viser at varslarar har så godt som null vern, og endar opp arbeidsledige med stor gjeld.

Ingenting har blitt endra om ein ser langt tilbake. Ein varslar i Utanriksdepartementet som varsla om pengerot for meir enn 20 år sidan måtte flytte til Afrika og busetje seg der.

Så stol på gode råd frå Grafen (og Politiets fellesforbund): Ikkje varsle uansett kva det måtte vere. Den beste løysinga er å søkje jobb i andre organisasjoner, og seie du gjer det for å prøve nye utfordringar og få meir erfaring.